torsdag 24. desember 2009

What to do?

Då var julafta over for i år. Det har vore ein kjempefin dag. Ikkje for å virke rasistisk, men jula er rett og slett betre når den er kvit. No ventar romjula, med mykje fri og tid til å gjere kva ein vil.

Til romjula har eg sikra meg godt mot kjedsomhet. Eg har nemlig tilgjengelig følgjande:

- True Blood, sesong 1.
- House, sesong 1.
- The Wire, sesong 1 og 2.
- Heroes, sesong 2.
- Family Guy, sesong 3.

Spørsmålet er rett og slett berre kor eg skal byrje, kva eg bør prioritere. Hjelp.

God jul!

I dag er det julafta. Eg ønsker alle ei riktig god jul! :)

lørdag 19. desember 2009

Vinter

Det har komme mykje snø no dei siste dagane. Skikkelig mykje. Snø er koseleg. Eg kjeda meg som vanleg ein god del denne laurdagen, så kva er betre å bruke ein laurdagskveld på enn å kle på seg, gå ut i snøføyka og fotografere og bli skikkelig kald? Ikkje veit eg. Iallfall, så vart det nokre stemningsfulle bilde av det. Dei er ikkje veldig gode, då eg ikkje hadde stativ for handa, men eg gjorde det beste ut av det. Gadd ikkje vere nazi på bildekvalitet, men sette heller fokus på at det skulle gå fort å overføre og laste opp. Sidan det er stress å legge inn mange bilde i eit innlegg med Blogger, legg eg inn eitt og henviser heller til det komplette albumet.

fredag 18. desember 2009

Gøy

I dag har det vore ein gøy dag. Det er fire grunnar til det. Fem, faktisk.

1. Eg klarte Fade to Black på Expert på Guitar Hero: Metallica. Songen er vanskeleg.
2. Eg fekk C på eksamen i INFO100.
3. Eg fekk B på eksamen i MEVI106.
4. Eg var flink og trente styrke i dag.
5. Bror min viste meg eit nytt vanedannande spel. Det heiter Dice Wars og er kjempegøy. Dice Wars kan du spele her.

Poenget med spelet er for øvrig at du krigar om landområde gjennom terningkast. Du får utdelt nokre landområde og eit visst antal terningar til å byrje med, deretter må du bruke hjernen til å vurdere kva landområde som vil vere logisk og strategisk lurt å krige om, og størst sjanse for å vinne.

onsdag 16. desember 2009

Juletid

No er det jul. Eg plar ikkje få julestemninga før eg set i gong med å handle julepresangar. Det kan diskuterast kva eg legg i uttrykket julestemning når eg først får det når stresset byrjar. Uansett har eg altså begynt, eg er faktisk nesten ferdig, og det rekordtidleg. Det skulle kanskje berre mangle, sidan eg ikkje har gjort noko som helst anna enn å gå på trening dei siste drøye tre vekene. I dag gjorde eg for øvrig noko. I dag var eg nemlig på Ricks og såg Are Kalvø oppsummere 2009. Det var morosamt, Are Kalvø er definitivt på pallen når det gjeld komikarar. Satirisk humor med utstrakt bruk av ironi, sarkasme og overdriving er gøy. Ikkje like gøy som ordspel eller gjennomsnittleg like gøy som Lolcats, men likevel.

Men det var faktisk ikkje det einaste eg gjorde i dag. Eg kjøpte også julegåver. Ikkje berre gåver til vener og familie, eg har også kjøpt nokre gåver til meg sjølv. I mangel av eigen PC, har eg kompensert med å unne meg nokre godbitar som skal halde DVD- spelaren varm resten av desember. Eg handla inn sesong 1 av House og True Blood, dessutan ga eg Børge sesong 1 av The Wire. Halve poenget var ærlig talt å få sjå den sjøl under samvitsfullt påskudd av at det var ei gåve. Men ingen kan klage på innsatsen, eg brukte faktisk fleire minutt på å (få den) pakka inn (av ei gåveinnpakke-jente på Bystasjonen). Heldigvis opna Børge den på flekken slik at eg kan ta den med heim til jul! Og jammen ga han meg ikkje ein julepresang også. Han ga meg filmen Gamer. Den satt han og såg på når eg kom heim. Noko seier meg at den guten har eit laust forhold til presangar. Nok om det.

Eg kjøpte i tillegg inn Guitar Hero 5 til PS2'en min. Eg har no GH : 3, 4, 5 og Metallica. Det blir med andre ord nok å gjere på. Skal også prøve å få trent litt styrke, og då skal eg om ikkje anna vere betre enn denne karen:



I morgon skal eg reise heim. Eg skal vere i Ølve til over nyttår, og det kjenner eg at eg gler meg til. Det er like greit å gjere absolutt ingenting heime som å gjere det i byn. Sofaen heime er også marginalt betre å ligge på, så det er berre fryd og gammen med å reise heim. Og det er jo flott deh.

mandag 14. desember 2009

Tidsfordriv

Har du tjue minutt til overs som du ikkje har peiling på kva du skal bruke på?
Her er svaret:

Randaberg - Nyborg

Eg og min kjære sambuar Flotve junior sat og såg på norske volleyballvideoar då eg plutselig kom over ein video som viser ein del ballvekslingar mellom Randaberg og Nyborg frå Randaberghallen tidligare i år. Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur det er ein kar med namn Toru Uesugi som har redigert denne godbiten. Så all kreditt går til han. Burde sikkert spurt om løyve til å legge ut videoen på bloggen, men eg satsar på at fleire visningar er kjekt nok til å rettferdiggjere den skamlause embeddinga.

søndag 13. desember 2009

Sunday, Bloody Sunday

Jau, då var det søndag igjen. Eller, det er teknisk sett måndag, men for meg vil nok måndag likne søndagen når det kjem til innhald, så det spelar ingen rolle. Eg har jo ferie! Eg må seie at søndagar er rimelig kjedelige når eg ikkje har kamp. Ein skikkelig emo-dag.

Etter at eg leverte den siste ex-phil- oppgåva mi 13.59 (fristen var 14.00) på onsdag, er haustsemesteret 2009 offisielt over. Og hjelp, eg slit med å finne på underhaldande ting å gjere på med så mykje tid. Eg kjedar meg såpass om dagane at eg vurderer å kjøpe inn masse pennar slik at eg kan spele "Pen behind the ear" Genialt. Men eg er ikkje heilt der enda.

Av det som har vore nemneverdig i det siste, kjem ein vel ikkje utanom kampen vår mot Førde på laurdag. Me tapte første sett etter bra spel frå Førde, men i dei tre neste viste me kvifor me kjem til å vinne serien. Med god tenning og magisk coaching frå assistenttrenar Janne snudde me kampen totalt og vant greit 3-1. Veldig solid kamp, nok ein gong. Det lovar godt før cupfinalen. Det var også brukbart med liv på tribunen i kampen, med rundt 100 tilskodarar. Forhåpentligvis blir det antalet minst tidobla når cupfinalen går av stabelen i Randaberg!

Kvelden etter kampen blei tilbrakt i Salhus med god drikke og godt lag (i dobbel forstand, eg var på fest med laget mitt, som jo er et godt lag). Me var hos Cato, og dei fleste på laget samt enkelte andre stilige individ var tilstades. Det var ein perfekt kveld, greit å sleppe stresset med å gå på byn. Og jammen kjørte ikkje stipendgutten Kåre meg heimatt også. Flott deh.

No har eg stort sett sete i sofaen min heile søndagen. Eg har ikkje hatt data store deler av dagen, og eg merkar at litt av meg døyr utan nett tilgjengelig. Heldigvis har eg kost meg med snooker på Eurosport, ein finale i UK Championships. Igrunnen ein ganske kjedelig tv-idrett, men med så mykje Internett-laus tid, funka det veldig bra. Har stort sett fått med meg heile sendinga til Eurosport, som varte frå 1900 til 0115. Og nei, eg har ikkje eit liv.

No må eg skynde meg å skrive ferdig, for eg har 9 Dexter-episodar eg må sjå før sesongfinalen for sesong 4 blir tilgjengelig for nedlasting.

onsdag 9. desember 2009

Usedvanleg stygge band

Eg kjedar meg. Eg kom tilfeldigvis over eit albumcover. Albumet heitte Lost in a Dream og vart laga av REO Speedwagon. Det første eg tenkte var at dette bandet var heilt utruleg framifrå stygt. Alle som ein såg dei ut som tractorpulling-entusiastar. Eller Alexander Rybak- fans. Uansett, det fekk meg til å sjå litt vidare etter bilete av stygge band. Og du verda, eg fant, eg fant! Sjå berre her.


Først og fremst var altså REO Speedwagon. Legg spesielt merke til mannen med det drøymande blikket bak til venstre.


Deretter har me 60-talsbandet The Association. Sweet sixties.


Så følgjer ei rekkje svenske danseband. Først ut er Garvis. I dette bandet er alle like stygge. Men min favoritt er nok likevel den kristne seriemordaren oppe til venstre.


Neste på lista er Gert Jonnys (ja, du las riktig). I tillegg til eit stygt bandnamn og ein bekledning som burde vore forbudt verden over, ser kvar og ein av desse karane ut som oppkast. Kudos!


Hick. Ingen betring i bandnamnet, men heldigvis gjennomsnittlig litt mindre stygg gjeng. Desverre øydelegg kjekkasen nede til høgre for resten av gruppa. Fy faen så stygg. Oppe til høgre ser me for øvrig ein ung Bjørn Kjos.


Jan Werners. Typisk dansebandnamn, men ikkje heilt vellukka. Høgdepunkta her må vere mannen til venstre, som gjer eit hederlig forsøk på å ha håret symmetrisk oppe og nede. Den mildt sagt mislykka frisøren til feiten oppe til høgre vekkjer også latter.


Som eit avbrot i alle dansebanda kan me ta ein kikk på denne skjønnheten. Joyce er hennar namn, og ho vart iallfall definitivt ikkje anklaga for å spele på sex på albumcovera sine. Heldigvis.


Siste band ut, Larz Kristerz, skal få kudos for å ta stilen heilt ut. Pluss også for spenstige z'ar på slutten av namnet. Men stort meir er det ikkje å hente for desse skrotingane.


Du skal ikkje sjå bort frå at det vert ei fortsetjing på dette blogginnlegget. Det er framleis mange skjønnhetar frå gløymde tider som ventar på å få kome ut i lyset. Eg har ikkje eingong begynt på glamrock- band.

tirsdag 8. desember 2009

Ringetone-mekking for primitive og dummies

Det er sikkert nokon som kunne hatt interesse av å lage sine eigne ringetonar. Det er begynt å bli ein del år sidan sist eg brukte ein ringetone laga av andre. I dag laga eg meg nokre nye. Eg tenkte det kunne vere fint å dele mi oppskrift på korleis ein gjer dette. Det er litt ulike framgongsmåtar for Mac og PC. Steg 1 og 2 i denne vetle "guiden" er for Mac-brukarar.

1. Enten må du ha eit brukande redigeringsprogram installert (Final Cut e.l) eller så må du ha Parallels på maskina. Parallells er eit program som lar deg køyre Windows på Mac parallelt med Mac'en sitt operativsystem. Har du ikkje dette kan du laste ned trial-versjonen her. Aberet er sjølvsagt at du må registrere deg. Men det er kjapt gjort.

2. Når du har starta Parallels så er det best å skifte visningsmåte. Skift visningsmodus gjennom Dock-ikonet -> View -> Coherence Mode. Dette gjer at du fritt kan skifte mellom dei to operativsystema, og det er oversiktleg og kjekt. Gå ned på Start-menyen i Windows og finn fram Windows Movie Maker.



3. I WMM er det berre å leike seg. Importer songen du vil lage ringetone av ved å trykke på "import audio or music" og finn deretter fram fila. Dra fila ned på tidslinja og klipp vekk det du ikkje vil ha med. Eg gidd ikkje lære folk WMM, det får ein nesten lære seg sjølv. Når du er ferdig, trykk Fil(e) -> Save Movie File. Deretter velger du navn og plassering, blabla.



4. Du vil no ha ringetonen ferdig lagra i WMA- format. Eg veit ikkje korleis det er med kule, nymotens mobiltelefonar, men min er gammal og taklar ikkje WMA- format, som jo er Windows sitt lydformat. Det er derfor lurt å konvertere fila til mp3- format. Derfor må ein bruke eit konverteringsprogram. Eg fann eit enkelt, gratis og kjekt eit her. Vel inne i programmet er det berre å trykke "Add Files" og finne fram filene du vil konvertere.



5. Du har no ringetonen din liggjande i mp3- format på samme stad som WMA- fila. På Mac burde det vere lett å sende fila over til mobilen, Bluetooth er din venn her. Eg giddar ikkje forklare framgangsmåte for dette, alvorleg talt. Nyttar du Windows, kan det vere litt verre. Eg gidd som regel berre gjere dette på Mac. Men dei fleste andre mobilar har vel tilbehøyr som tillet kobling til PC. Eventuelt har kanskje mobilen mulighet for oppkobling til Internett, og då kan ein jo berre sende ein mail til seg sjølv med lydfila som vedlegg og laste den ned på mobilen.

Det er ikkje sikkert nokon bryr seg i det heile tatt om korleis eg lagar ringetonar til mobilen. Men neste gong du høyrer telefonen min ringer, veit du korleis eg skaffa meg akkurat den delen av Smooth Criminal som ringetone. Spørsmål og kommentarar er forresten gøy.
funny pictures of cats with captions

mandag 7. desember 2009

Kreativ og morosam overskrift

Eg er litt usikker på kva eg skal skrive som overskrift, eg er ikkje så god på akkurat det. Det eg veit at eg skal skrive, er at helga blei så vellukka som den kunne ha blitt.

Grunnen til det er ganske enkel. Me slo Tromsø ganske så lett i går, samt at på laurdag så vant United, Chelsea tapte og Liverpool dreit seg ut nok ein gong. Det var altså ikkje så mykje som kunne gå godt eller gale i utgangspunktet, men det som kunne gå bra, gjekk bra.

Det var ein kjekk kamp mot Tromsø i går. Me rota ein god del i første settet, og serva litt enkelt, og tok vel ikkje ledelsen før rundt 21-20. Dei neste setta blei meir komfortable. Då spelte me solid og fokusert volleyball. Samtidig fekk me brukt alle spelarane som var med i troppen. Flott at dei som ikkje speler så masse får spele når me har muligheten til det.

Eg var faktisk den einaste på laget som spelte heile kampen, trass i at eg var småsjuk og knapt sov natta før. Formen til trass, eg gjorde ein god kamp. Ingen spesielt dårlege mottak, eit fåtal greie forsvarsredningar og perfekte gratisballar. Eg blei ikkje spesielt pressa i mottak, fekk generelt få servar på meg (trur eg, eg har sagt det før, men så viser det seg på statistikken at eg har fått mest av alle) men det er likevel viktig å gjere jobben sin.

Denne veka er det jobbing med den avsluttande oppgåva i ex.phil fram til onsdag, deretter har eg rett og slett ikkje peiling kva eg skal finne på fram til jul, bortsett frå å trene. Får prøve å bole meg litt. Men forslag til aktivitetar er velkomne.

fredag 4. desember 2009

Ei tankevekkande natt

Eg sit stort sett oppe til langt på natt kvar einaste natt, sjølv når eg veit eg skal tidleg opp dagen etter. Sjølv når eg skal spele kamp dagen etterpå. Uansett. Det er ikkje fordi eg har så mange viktige ting å gjere, men fordi eg rett og slett ikkje klarer å leggje meg. Eg har prøvd å leggje meg tidleg, men det ender som regel med at eg står opp att fordi eg ikkje får sove. Det er deilig å sitje oppe om nettene. Vanskeleg å forklare. Dei fleste morgonar, trøtt og jævlig, angrar eg på at eg blei sitjande oppe. Frå no av kjem eg ikkje til å angre lenger. Frå no av kjem eg til å ville vere våken døgnet rundt, heile året.

Tidlegare i kveld planla eg nemlig å sjå mange episodar av sesong tre av Dexter. Eg tenkte at før eg begynte med det ville eg sjå gjennom nokre nettaviser først. Eg klikka meg inn på ein artikkel i Bergens Tidende om ei kreftsjuk jente som måtte gi tapt mot sjukdommen. Grunnen til at dette fekk spalteplass, i motsetnad til mange andre som døyr av kreft, var at ho hadde ein blogg der ho skreiv om utviklinga i kreftbehandlinga og hennar tankar kring dette, som vart følgt av svært mange. Eg klikka meg inn på denne bloggen. Då var klokka begynt å nærme seg eitt.

No er klokka nøyaktig fem om morgonen, og eg har eg lest kvart bidige ord Regine Stokke skreiv på bloggen sin. Eg oppfordrar oppriktig dei (sannsynlegvis) få som les bloggen min til å lese iallfall deler av det ho skriv. Eg er utruleg imponert over kor formidabelt godt ei så ung jente skriv. Evna til å setje ord på vanskelege kjensler, samt formuleringsevne og forklaringsevne i forhold til detaljar rundt sjukdommen var ein profesjonell forfattar verdig.

I tillegg til ei fantastisk leseoppleving, får det som er skreve ein til å reflektere. Dersom eg har gløymt å kjøpe brød og må 500 meter til butikken for å gjere det, ville eg mest sannsynleg ha sukka og klaga. Regine Stokke ville i lange periodar under behandlinga av sjukdommen sin ha gitt kva som helst for å i det heile tatt vere i stand til å gå 500 meter. Det får ein til å tenke, gitt! Kjem nok til å få ein flau smak i munnen neste gong eg klagar meg når eg må gå til butikken.

Jøss, dette blei bortimot sentimentalt. Men eg meiner det.

torsdag 3. desember 2009

Priceless

Eg prøver så godt eg kan, men eg klarer ikkje la vere å poste ultramorsomme kattebilete med morosamt tekst til på denne bloggen. Ber om orsaking til alle som hatar det.

funny pictures of cats with captions
funny pictures of cats with captions

onsdag 2. desember 2009

Eget domene plx!

Etter eit semester med Nye Medier på UiB og med det ein del webdesign-relatert, har eg blitt ganske så interessert i webdesign og dets uante moglegheiter. Som eit ledd i å tøyle trangen til å leike meg med dette, vurderer eg å bytte frå blogspot.com til wordpress.com. Kjem nok isåfall også til å punge ut litt ekstra for å få mitt heilt eige domene, på samme måten som den stilige sida til Ole Martin.

Eg veit ikkje heilt kvifor eg gjer det, då eg verken er spesielt flink med webdesign eller skriv frykteleg mykje på bloggen min. Men eg føler wordpress gjer litt større fridom til å setje inn gøyale javascripts og liknande enn blogspot, og generelt er meir egna for folk som vil ha det gøy med html. Det har vel og litt med å gjere at eg skal byrje å programmere så smått i Java til våren.

Men er dette tilfellet, eller tilbyr blogspot.com like gode tilhøve for Javascripts og manuell koderedigering som wordpress? Tell me.

Homosport

Det er mange som sperrar opp augo når eg seier eg driv på med volleyball. "Homo", tenker dei nok dersom dei har lest Pondus og tatt til seg fordommane som lettpåvirkelige, tilbakeståande fjortisar. Dersom alle som likar volleyball er homo, er det nemlig rart at verda har befolkningsvekst i det heile.

Det viser seg nemlig at i ulike undersøkingar er volleyball alltid blant dei fire-fem mest populære sportane i verda, sett frå eit estimert antal utøvarar og interesserte. Volleyball bankar sportar som handball, basketball, golf, og baseball langt ned i parketten. Volleyball er estimert til å ha nærmare ein milliard utøvarar, tilskodarar og interesserte verda over.

Topp 5 lista hos dei fleste kjeldene er forøvrig:

1. Fotball, 3,5 milliardar utøvarar og interesserte
2. Cricket, 3 milliardar utøvarar og interesserte
3. Landhockey, 2 milliardar utøvarar og interesserte (!)
4. Tennis, 1 milliard utøvarar og interesserte
5. Volleyball, 900 millionar utøvarar og interesserte

Og dei seier volleyball ikkje er ein publikumsidrett. Fysj.

tirsdag 1. desember 2009

People call me a hypocondriac, which really hurts...

Jepp, då er klokka nærmare halv 3 og eg kjedar meg igjen. Då er den vanlege utvegen å skrive litt her.

For øyeblikket har eg ikkje spesielt masse på tapetet. Breddetesten i går enda med 10/10, det betyr meir eller mindre at eg er ferdig på skulen for 2009. Det betyr ikkje at eg ikkje har meir skulearbeid å gjere, men det kan skrivast heime. Må berre levere inn siste ex-phil- oppgåve, så er eg heilt ferdig. Oppgåva skal inn den 9.des. Trur eg.

Ellers er det blitt bestemt at årets herrefinale i volleyball skal gå føre seg i Randaberg. Veldig skuffande, då BSI blei trekt heime og me kunne ha laga eit fint dobbelarrangement (Dersom dei slår Blindheim, vel og merke). Også litt kjipt fordi det hadde vore kjekt om vener og kjente kunne komme og sett på. Dei færraste er vel så interesserte at dei reiser til Randaberg for å sjå finalen. Så det var synd!

Til å muntre meg opp har eg heldigvis funne to geniale komikarar på YouTube. Den første fortalte Jarle meg om, han heiter Stewart Francis og har heilt geniale one-linarar. Bedre enn i Radioresepsjonen, bedre enn Horatio Caine. Video finn du her. Anbefalast.

Den andre heiter Tim Vine. Stilen hans er litt lik, ein heil drøss med onelinarar. Videoen eg såg er frå showet hans, "So I Said To This Bloke", og spesielt del 2 på YouTube er heilt fantastisk. Kan ikkje tru at eg brukte mellom fem og ti minutt på å sjå på ein komikar prøve å kaste pennar slik at dei festar seg bak øyret sitt. Det er sikkert vanskeleg å tru, men det er verkeleg verdt å sjå.

No må eg legge meg. Må vere opplagt til å i morgon, då meg og Børge skal ta julevasken! Så får me sjå om julestemningen kjem etterkvart.

søndag 29. november 2009

Ny utsjånad

Sidan eg har ein ubegripelig trang til å gjere unødvendige ting som tar lang tid først etter klokka har passert 00.00, så har eg no fiksa utsjånaden til bloggen min.

Frå å vere kjedelig svart og dyster har eg funne ein fin template som eg har tweaka littegrann. Vonar at dette ser bedre ut. I den grad nokon bryr seg om det.

Eg har iallfall fått kasta vekk mange timar eg kunne brukt på søvn, då er eg godt nøgd.

Cupfinale

Hurra. Me tok oss av Førde i går, sjølv om me ikkje spelte opp mot vårt aller beste. Det vart ein rar kamp, der laga var overlegne i annakvart sett. Femtesettet hadde me full kontroll på etter strålande side-out og bedre enn gjennomsnittleg poengspel. Ufattelig deilig å sjå Kvams banke inn matchballen. Finalemotstandar blir Randaberg, noko eg syns er flott og velfortent.

Personleg følte eg kampen var heilt grei, men ikkje meir. Hadde okei hoppservmottak, mens flakkmottaket kunne vore bedre, sjølv om det på ingen måte var veldig dårlig (trur eg). Fekk og plukka nokon ballar i forsvar, men føler det var fleire ballar eg burde ha plukka. Så det var så som så. Vanskeleg for meg å skrive om kor god eg var, då 100 perfekte mottak og 1 halvdårlig kunne fått meg til å vere misnøgd med ein kamp. Perfeksjonist? Ja.

Så no vert det spennande å sjå trekningen måndag morgon som avgjer kor finalen går. Draumen må vere både Nyborg og dei kjekke jentene i BSI i kvar sin finale i Bergen. Dei vann sin kvartfinale-omkamp 3-1 mot Oslo Volley, gratulerer! Dei fleste reknar med at BSI skal ha god kontroll på Blindheim i semifinalen, så dobbelt bergensk finale, kanskje også i Bergen, er absolutt realistisk. Litt synd at Koll slo UiS i dag, ellers kunne det kanskje alternativt ha blitt eit flott dobbeltarrangement i Stavanger?

I dag har eg vondt i hovudet. Ikkje fordi eg var ute i går. Eg var for trøytt og sliten i kropp og sjel til å ta meg heilt ut på byn. Så i dag, søndag, har blitt ein slapp dag, med mykje Fifa10 og avslapping og lite lesing til breddetesten i ex.phil. Det får bli i morgon. Fekk 10/10 på generalprøven førre veke, så trur det skal gå.

Giddsj skrive meir no. Livet mitt har i grunn ikkje meir å by på.
funny pictures of cats with captions

torsdag 26. november 2009

onsdag 25. november 2009

tirsdag 24. november 2009

Bursdagen min

Hipp hurra. I dag fyller eg 20 år. Eg skal fortelje dykk korleis eg feirar den store dagen.

00.00 - 03.00 : Spele Fifa10.
03.00 - 10.00 : Sove.
10.00 - 18.00 : Lese til eksamen.
18.00 - 19.00 : Reise heim, ete middag, hente treningsklede.
19.00 - 22.30 : Trening.
22.30 - 23.59 : Lese til eksamen.
00.00 - 00.01 : Sjekke Facebook for første gong for dagen for å sjå kor mange notifications eg har fått.

Hurra for å bli 20.

onsdag 18. november 2009

Trist kvardag

Etter ein lang periode med ganske så greit ver, har regnet vendt tilbake til heimbyen Bergen. Det er venta regn heile veka og muligens også stort sett heile neste veke. Om mogleg, så gjer dette kvardagen min enda tristare. Eksamenlesing heile dagane, regn og Death Cab for Cutie på mp3'en. Det blir ikkje tristare enn det. For å lette på tristheten skriv eg her.

Ivar lyste opp den ellers grå dagen min med å sende statistikk frå Randaberg- kampen. Mottaksstatistikken viste 2.63/3. Det er nok ein gong meget gode tal. Når eg tenker over det, er det berre enda tristare at det er statistikk over kor gode mottak eg har i ein volleyballkamp som må til for å gjere kvardagen min mindre trist.
Eg er kul på den måten!

Jaja. Tilbake til eksamen. Eksamenane mine går av stabelen onsdag 25.november i INFO100, grunnkurs i informasjonsvitskap, og fredag 27.november i MEVI106, introduksjon til film, tv og nye medier.

Eg prioriterer å lese på INFO100, fordi eg føler eg kan ganske mykje av det som står i pensumbøkene i MEVI106 etter tre år på vidaregåande med det samme stoffet, samt fleire veker med internpraksis i Brostein. Ein kan skrive mykje av sine eigne erfaringar på MEVI106- eksamen, har eg blitt fortalt. Sjølv om mine MEVI106- relaterte erfaringar er grovt sett rimelig mangelfulle, er mine erfaringar med å lese pensumlitteratur i INFO100 mykje, mykje meir mangelfull.

Men kva gjer vel det, når pensum er så gøy som det er? Eg reknar med "alle" som les dette innlegget får vatn i munnen av å tenke på å lese bøker som omhandlar gøyale ting som Human-Computer Interaction, OSI- modellen, von Neumann- arkitektur og genetiske algoritmar.

Jaja. Eg har god tru på greie eksamenskarakterar. Definisjonen av kva greie eksamenskarakterar er, er noko heilt anna.

søndag 15. november 2009

Kort update

Eg er smålei det meste akkurat i skrivande stund, så det blir kortversjonen av det ukentlige innlegget som "alle" ventar i spenning på. NAT.

Me spelte kamp på laurdag mot Randaberg i Randaberg. Me vant greit 3-0. Spelet mitt var ok, sjølv om eg ikkje fekk mange servar på meg. Det er kjekt at me virkar å vere solide når cupsemifinalen er berre 2 veker unna. Gler meg til den kampen.

Eg gler meg derimot ikkje til skulen denne veka. Det blir mykje lesing til eksamen og mykje gay skriving av ex-phil-utkast. Gler meg VELDIG til å vere ferdig med det møkkafaget.

No skal eg slå av Spotify og gå og legge meg, ellers tenker eg meg nok i hel. Alternativt så dør eg snart av epilepsianfall etter overdreven Fifa10- speling.

Må forøvrig sei at begge deler er artige måtar å dø på.

Ein god song.

Death Cab for Cutie - Transatlanticism

søndag 8. november 2009

It's time to kick ass and chew bubblegum, and I'm all outta gum...

seier Duke Nukem. Artig, artig.

Veka som gjekk var i grunn relativt lite innholdsrik. Skulemessig har eg vore litt flink og litt slappfisk om ein annan. Eksamenslesing er tungt! Men føler eg er komt greit i gang, og gler meg til å vere ferdig med eksamen, så å motivere seg er ikkje så vanskeleg som i fjor.

Neste veke ventar for øvrig muntleg presentasjon av semesteroppgåve i grunnkurset i informasjonsvitskap, INFO100. Det blir leikande lett. Håpar eg. I tillegg er det tid for internpraksis igjen, denne gong skal gruppa lage webside om noko Bergen-relatert. Eg treng tips til kva eg skal lage side om. Eg gler meg for øvrig til å stjele html-kode i fire dagar. Trur kanskje webdesign er noko eg kan ha lyst til å fordjupe meg i når den tid kjem.

På laurdag spelte me kvartfinale i cupen mot Tromsø. Me vann 3-0. Det var litt seigt til å begynne med, i ein periode då Tromsø gjorde det godt. Men etter kvart tok me kontroll og viste den innsatsviljen og positiviteten me har snakka om å vise. Kjekt å vinne, og eg gler meg enormt til semifinale. I fjor rauk Nyborg ut i semifinalen, det skal ikkje gjenta seg. Eg er innstilt på å ta cupgull i min første sesong i eliteserien. Personleg gjekk kampen i grunnen bra! Eg hadde ein mottakspresisjon på 2.64 / 3 (noko som betyr at Kåre har gjennomsnittlig per mottak hatt 2.64 realistiske oppleggsmuligheter) Det er veldig bra, sjølv om eg fekk ta imot betydeleg færre servar enn dei andre på laget. Perfeksjonsprosenten på rundt 60% kan framleis forbedrast. Likevel, ein god kamp.

På kvelden blei det litt drikking med påfølgjande bytur. Eg plar vanlegvis ikkje å ha det noko særlig gøy på byn, men denne gongen var det absolutt gokjennbart! Søndagen blei brukt til restituering (på fleire måtar) og avslapping. Det var awesome.

Det håpar eg at neste veke blir også.

mandag 2. november 2009

BKT - Nyborg

Lars Ivar Henriksen har vore så kul at han har lagt ut kampen mellom Tromsø og Nyborg. Kampen kan de finne her.

Stockholm Syndrome

Mange har vel fått det med seg allereie, men for dei som ikkje har det, så gjekk det lukt åt helvete i innleiande i Nordic League i Stockholm i helga. Me tapte 0-3 for både Sollentuna og Marienlyst etter fryktelig dårlege prestasjonar. Marienlyst gjekk heilt til topps. I og med at me knuste Marienlyst sønder og saman i september, er me veldig, veldig skuffa over innsatsen vår. Alle spelte under pari, og savnet av Øivind er ikkje til å komme vekk frå.

Ein ting som etter ei slik helg blir meir og meir åpenbart er at norsk innandørsvolleyball er dårlegare enn nokonsinne. Nyborg er fullstendig suveren i heimleg serie, men er ikkje i nærleiken av å kvalifisere seg for Nordic League- finalespel. Kvifor? Fordi Nyborg aldri får god nok internasjonal matching. Det er sikkert cocky å seie, men alle veit at det er heilt sant. Det blir aldri nødvendig å ta ut det ytterste, derfor er det vanskelig å ta det ut når me plutselig møter god motstand. Det er skuffande, og det er mange i Nyborg som ønskar endring på ein eller annan måte. Så får me sjå kva det vil innebere.

Ein annan ting som er for meg og mange andre heilt fullstendig uforståelig er forbundet si prioritering i forhold til seniorlandslag. Forbundet sitt mål er at Norge sitt seniorlandslag skal vere på topp to i Norden, altså betre enn både Danmark og Sverige. Korleis skal me bli det fullstendig utan landslagsaktivitet og deltakelse i EM-kvalik o.l? Skulle gjerne visst kva tankar forbundet har om dette. Eg regnar med forbundet si begrunning vil vere dårleg økonomi. Då foreslår eg at dei går ut med ei melding der dei annonserer at alle ambisjonar og håp og satsing på at Norge skal bli ein god innandørsnasjon er avlyst grunna dårleg økonomi. Det er håplaust å ha ein slik ambisjon når dei ikkje eingong klarer å skrape saman pengane til eit skikkeleg arrangement av cupfinale. Den eine happeningen i norsk innandørsvolleyball årleg som det er litt blest om, med TV- sending og det heile er på få år blitt redusert til ingenting, overlatt til tilfeldighetane ved ein trekning om det kjem 100 eller 1000 og ser på cupfinalen.

Om det ikkje blir seniorlandslagsaktivitet framover, så vil det vere ei synd og skam. Spelarmaterialet Norge rår over er slett ikkje dårleg! 88/89- generasjonane, som nok vil bli ei stamme i eit landslag, må vere nokon av dei beste som er av volleyballgenerasjonar i Norge på ei stund. Likevel blir ikkje potensialet utnytta. Siste aktivitet seniorlandslaget til Norge hadde, var VM- prekvalik i Latvia. Her slo Norge Sverige 3-0, med 4 88/89- modellar i startoppstillinga. Sverige hadde vore på samling i Storbritannia og spelt treningskampar mot dei veker i forvegen. Norge hadde hatt to treningsøkter i lag. Dermed seier det seg sjølv at potensialet er der.

Situasjonen slik den er no er iallfall meiningslaus. Forbundet prioriterer å sende juniorlandslaga avgårde på turneringar, dette er vel og bra, men kva hjelper det, når desse talentfulle juniorlandslagsspelarane har ein direkte elendig eliteserie og eit ikkje-eksisterande seniorlandslag å gå til? Det er heller ikkje lett å bli oppdaga av gode skandinaviske eller europeiske klubbar når nivået i Norge er så dårleg. ToppVolley har heldigvis gjort eit genialt grep i år, ved å sende eit lag med motiverte, talentfulle spelarar rundt i Europa der dei får spele og trene med gode internasjonale lag, samt skape gode kontaktar til seinare. Eg er misunnelig. Grr.

Uff, det blei mykje negativt no. Det er slik det blir når ein ser idretten ein elskar forfalle.

Dessutan er eg sur fordi eg må lese til eksamen no.

torsdag 29. oktober 2009

StatCounter

Jøss. Eg putta på måndag inn ein søt liten kode som ga meg ein teljar over besøkande på sida. Eg vurderte først å la den telje for kvar gong sida blei lasta, slik at talet faktisk kunne bli høgt og eg kunne tru at folk faktisk var inne og leste. Men eg valgte å la den telje unike besøkande, sånn at det faktisk seier noko om kor mange som har vore innpå. Og jammen har det vore 26 besøkande innom sidan måndag! Vert nesten skremt av det høge antalet. Neste steg må vel bli videoblogg og innlegg kvar dag, innlegg som handlar om viktige ting som for eksempel kva eg hadde på brødskjeva mi til lunsj eller kvar eg føretrekk å sitje i stova når eg spelar Xbox360.

Nei, det får bli med eit innlegg i veka. Sjølv om eg no legg inn mitt andre innlegg denne veka.

Besøksteljaren kan forresten hentast på http://my3.statcounter.com/
Følg eit par enkle steg og lim inn html- koden. Love it.

No ventar Stockholm, Marienlyst og Sollentuna skal slåast i Nordic League :)

mandag 26. oktober 2009

?

Den førre veka gjekk greit. Eg fekk ikkje heilt den avslappande veka på praksisen som eg ville ha, men det var moro likevel. Gruppa lagde video- og lydreportasjar. Eg og to andre laga ein vignett og super til reportasjane. Ein super vil seie grafikken som kjem opp når ein person vert intervjua, med namn og relevant tittel.

Så dersom Arne Schei hadde blitt intervjua på TV, ville det stått under:

"Arne Schei
Gamling"

Det er spennande ting me gjer på Nye Medier, altså. Resultat kan for øvrig sjåast i all si prakt på www.brostein.uib.no

Helga vart ikkje så bra. United og Brann tapte, og andre ting gjekk ikkje heilt som eg hadde håpa. Men me vann i det minste cupkampen mot Hardanger Volley, og er klar for kvartfinale heime mot BK Tromsø om to veker.

Denne veka blir, avhengig av humør og grad av latskap, prega av enten at eg gjer absolutt ingenting eller at eg les til eksamen. Eg håpar på det siste, men har mest tru på det første. På fredag reiser Nyborg til Stockholm der me skal gje alt i kampen om sluttspelplass i Nordic League. Me møter to gode lag, Sollentuna frå Sverige og Marienlyst frå Danmark. Me trur me kan slå begge, så får me sjå kor stort saknet av Øivind Hordvik blir. Uansett blir det kjekt å reise!

Eg vil avslutte med eit fantastisk dikt eg fann skreven ned på ein lesesal på U.Pihl.

"Jenta ut i vatnet skritta,
vatnet rakk henne til kne
Diktet rimar ikkje no,
men berre vent til det blir flo!"

"A dream aloud"

Denne songen får eg rett og slett ikkje nok av. Fantastisk.

mandag 19. oktober 2009

Meir å gjere

I det siste har det vore veldig rolig på skulen. Har stort sett vore heime og brukt tida på andre, meiningslause ting. Denne veka er brytaren skrudd på att. Har innlevering i ex.phil, samt at eg og Henrik som eg er på gruppe med må skrive ein god del om etter å ha fått tilbakemelding på oppgåva i informasjonsvitenskap.

I utgangspunktet har me også praksisveke for Brostein, men heldigvis slapp eg unna det verste arbeidet denne gong. Eg skal forhåpentligvis, istadenfor å gå ut på gata og lage lyd- eller lyd og bildereportasjar og slikt, berre sitte inne med rævva i ein stol og legge grafikk på dei reportasjane dei andre på praksisgruppa lager. Det likar eg. Sånn vil eg ha det når eg blir stor. Uansett blir det ei travel veke!

I helga var me i Tromsø og spelte mot.. ja, Tromsø. Me vann greit 3-0. Spelte ikkje opp mot vårt beste, men det haldt mot et Tromsølag som har forbedra seg sidan sist me spelte mot dei, men som framleis ikkje kan utfordre oss veldig. Eg følte mitt eige spel gjekk OK, nok ein gong. Spent på mottaksstatistikk. Føler eg har starta veldig bra denne sesongen og håper det held fram!

På kvelden etter kampen som gjekk på laurdag, blei det ein etterlengta tur ut på livet. Det blei med konsumering av ein liten seksar for meg. Når me skulle på byn så gjekk dei andre på 20- årsplass, og eg følte at å låne legitimasjonen til ein to meter høg kviterussar som heiter Andrej Khanevski og som er fødd i 1985 vart litt mykje å håpe på. Dessutan var eg kjempetrøtt etter 10-12 timar søvn dei siste 3 døgna før. DESSUTAN sug det å reise bakfull. Å reise heim med Widerøe sugde forresten uansett. Drittselskap. Gje meg heller Norwegian og Bjørn KJos. Muhmuhmuhmuhmuhmuh.

mandag 12. oktober 2009

Jamenne..

Sidan sist eg skreiv, har eg i grunnen ikkje gjort mykje.

Førre veke gjekk stort sett med til å slappe av, sjå Entourage og Dexter, samt fullføre utkastet til ex.phil- oppgåva mi. Resten av tida gleda eg meg til helga.

I helga reiste eg nemlig heim for første gong på ein måned eller så. Det var kjekt. Fekk brukt litt tid hos familyen, spesielt var det kjekt å sjå Ronja, niesen min, igjen. Ho er fortsatt ekstremt søt, men det er tydelig at eg har vore vekke ei stund, for ho er ikkje så glad i meg no som ho var før. Trengs tydeleg litt arbeid der for at eg skal bli favoritten.

På laurdagskvelden var eg på besøk hos Nadia der ho lærte meg å lika Twilight (!) I tillegg såg me nokre episodar av for alltid uslåelige The O.C. Fantastisk serie. Etter besøket raste eg avgårde til byn. Me skulle ha morgontrening kl 10, shish..

Grunnen til morgontreninga var sjølvsagt kampen mot Randaberg seinare på dagen. Det er ikkje så mykje å sei om kampen. Me begynte bra i første sett, før me slapp oss nedpå og Randaberg begynte å spele veldig godt. Martin Spinnangr forsterka Randaberg veldig og me sleit med å stoppe han. Etter eit par gode blokker vant Randaberg første sett 27-29. Andre sett kjempa me inn 25-23. Etter dette bestemte me oss for å trø skikkelig til, og det gjorde me! Me tok dei to neste setta med 25-18 og 25-13.

Personleg var eg godt nøgd med kampen. Fekk henta opp et par forsvarsballar tidlig, det er alltid godt for ein libero. Det gjer at ein føler at ein er med i kampen. Fekk mange servar på meg i begynnelsen, men det blei mindre og mindre å gjere på etterkvart. Følte iallfall at eg tok imot ganske så grei. Blei to ezze mot meg, men det er sånn som skjer. Det viktigaste er at eg lar meg ikkje så lett psyke ut av egne feil lenger. Det har eg slitt med før.

No ser eg fram mot neste helg, der det blir tur til Tromsø for å spele og (forhåpentligvis!) tett drikking på kvelden :) Samtidig skal eg fundere vidare på det store spørsmålet.

søndag 4. oktober 2009

Kamphelg

I helga var Nyborg på tur igjen. Me spelte mot Kristiansund og Oslo Volley.
Me vant 3-0 mot Kristiansund og 3-1 mot Oslo Volley. Me spelte ikkje spesielt bra nokon av kampane, men spesielt mot Oslo Volley var me litt ukonsentrerte, og sleit også ein del med uvante lysforhold i Bjørnholthallen. Det var vanskeleg å sjå ballen skikkelig når me stod i mottak på den eine sida, noko som kan ha bidratt til at me tapte eit sett på den sida.
Men det viktigaste var å ta full pott i begge kampane, og det gjorde me. Minnar litt om forrige sesong, med at me gjer akkurat det som er nødvendig for å vinne, ikkje meir.

Personlig har det gått ok. Litt varierande i mottak, men det er eg ikkje aleine om, heldigvis.

Eg håpar at det blir litt lettare på skulen framover. I morgon (måndag) ventar innlevering av semesteroppgåve i informasjonsvitenskap og breiddetest i ex.phil. Regnar med begge deler skal gå rimelig greit. Eg må skrive utkast til ex-phil-oppgåva mi på heile tysdag, men regnar med det også går rimelig greit. Ex.phil er liksom ikkje spesielt mykje stress.

No skal eg sitte i sofaen min og vere trøtt og lei resten av kvelden.

søndag 27. september 2009

Førde m.m

På laurdag spelte Nyborg sesongens første elitekamp, mot vår næraste utfodrar Førde, i Førde. Me var heiltente på å vise kven som er best i Norge, og det gjorde me. Vanlegvis så vinn Førde første sett før me tar over. Denne gongen tok aldri Førde over. Blokk- og forsvarsspelet vårt satt godt og me hadde full kontroll stort sett heile vegen. Det var enkelte gongar gode servar ga dei nokre ekstrapoeng, men i det store og det heile var me klart best og vant suverent.

For min eigen del er eg faktisk fornøgd. Fekk to ezze imot meg, men ellers satt mottaket godt. Gler meg til å sjå statistikken frå Ivar. Følte også eg fekk plukka ein god del ballar i forsvar. Det er lett med ei så god blokk framfor meg.

Ellers har eg stort sett gjort ferdig "nye" stova mi. Eg gler meg til å ha lyst til å invitere folk på besøk til meg! Den nye sofaen kjem nok godt med, kjem til å ha behov for å slappe av når eg kan denne veka, det vert fullt kjør med skriving av semesteroppgåve i informasjonsvitskap, oppgåveskriving i ex.phil og internpraksis i MEVI106. Internpraksis er synonymt med å lage 3 nyhetssaker, noko som innebærer ein god del arbeid! Men som eg har sagt før, eg har godt av å gå på eit studie som krev aktiv deltaking i faga. Og etter denne veka så kjem det jo to nye kampar mot Kristiansund og Oslo Volley som eg kan sjå fram til.

No er klokka 01:41. Eg skal på forelesning 0815, vere på skulen til 1800, deretter trene frå 1900 til 2230. Kvifor har eg ikkje lagt meg? Det er to grunnar. Selskapssjuke Nadia har nattevakt, og eg klarar uansett ikkje gå og legge meg fordi eg er ein tulling. Someone help me.

Her er forresten ein stilig video frå Danmarksturen vår. Creds til Olli for redigering.

Nyborg - Marienlyst from Ole Martin Helland on Vimeo.

tirsdag 22. september 2009

Danmark m.m

Jammen klarte me å vinne i Danmark også. Referat kan lesast på volley.no.

Nyborg har i år eit lag som kan sjå ut som Skandinavias beste. Det lovar godt for sesongen. Me har store ambisjonar om å hevde oss i Nordic League i år. Desverre må me unnvære Øivind i gruppespelet. Men eg er overbevist om at me kan avansere til tross for dette. Det vert spennande å sjå! Eg fekk opptaket av finalen mellom Nyborg og Middelfart, og laga eit lite samandrag av det. Her er resultatet.



Til helga ventar Førde i Førdehuset. Det vert ein spennande kamp, spesielt dersom Førde kan halde oppe nivået dei plar ha i førstesettet mot oss :)

Men i mellomtida skal eg skrive om John Rawls' rettferdsteoriar og finne ut kva som er gale med brukeravtalen til Facebook.

søndag 13. september 2009

Vestcup

Vestcup gjekk bra, både for laget og meg sjølv.

Me vant alle fem kampane. Me gav berre frå oss tre sett. Me tapte som vanleg førstesettet mot Førde i finalen, men kom sterkt tilbake og viste kven som var best i dei tre neste. Deilig.

Eg vart visstnok kåra til beste eitt-eller-anna i turneringa. Eg fekk også plass på all-star laget. Må sei det var ein grei måte å åpne Nyborg-karriera på. No gler eg meg til Danmark-tur neste helg.

Men først ventar mykje skulearbeid. Føøøy faaaaan.

torsdag 10. september 2009

Overgang

Eg har bestemt meg for å melde full overgang til Nyborg i år. Eg vil fokusere 100% på det som gjer størst sportslig utfordring. Synd, men sånn er det.

Til helga reiser me til Stavanger for å spele Vestcup. Helga etter det ventar Danmarkstur. Det vert spennande. Helga etter det igjen brakar det laus med heimekamp mot Førde. Eg har fått tydelige signal på at eg er klart førstevalg på liberoplass. Eg trur dette kan gjere det lettare for meg å prestere. Tillit er det ein treng i eliteserien. Eg har også etter litt forhandligar med herr Kleveland fått tildelt draktnummer 1.

På skulen er det mykje å gjere. Teknisk innføring i HTML, redigering og video/lyd dei siste tre vekene, blir avløyst av at oppgåver i informasjonsvitskap og ex.phil (damn it!) må leverast utkast til. Det er hektisk, men det er godt å gå på eit studie som krev såpass mykje av meg. Treng ikkje eit år til med WoW og Guitar Hero. Har forresten meir eller mindre slutta med begge deler, hurra!

Eg har det ganske fint.

søndag 16. august 2009

Yeahyeah

Me feira mamma sin 50-årsdag på laurdag. Det var veldig moro. Søskenbarnet mitt Gunnar, som er fotograf, satte opp kamera og ein kvit bakgrunn, og kobla til ein fjernutløysar, som gjorde at ein kunne bruka kreativiteten som oppstår med alkoholinntak. Når eg får dei klamme pølsefingrane mine på bildena, skal det bli mykje moro på Facebook.
Debuterte som talar og forresten. Eg var jævla god på tale. Eg og Alexander framførte og ein moro sketsj, og deretter gjekk me føre kamera og tok bilete i kostyma. Gled dykk.

Ellers går alt heilt fint, utanom ein ting. Sukk.

onsdag 12. august 2009

Skulestart

No har eg tatt til på bachelorstudiet mitt, nye medier. Det virkar lovande.
Det ser kjekt ut, men det vert nok mykje arbeid. Tida med WoW og Guitar Hero til klokka 4 på natta er nok over.
Treningane med Nyborg har forresten teke til også. Det var godt å komme i gong igjen. Gler meg veldig til å spele kampar igjen.

søndag 9. august 2009

Reflektert betraktning

Fytti helvete så masse floger som flyr rundt om for tida. Jævla irriterande.

mandag 6. juli 2009

Snart ferie

Kort oppdatering. Kontoen min har blitt noko feitare, brunfargen min noko sterkare, beina mine noko stivare, og lysten på ferie noko meir intens.

Litt meir konkret forklart, så har eg i det siste jobba, solt meg, putta gåll etter gåll på Tysnes Cup (6 på 5 kampar, for å vere heilt nøyaktig. Ventar på telefon frå Steinar kvart øyeblikk) og.. ja, blitt meir umotivert fordi eg har lyst på ferie.

På laurdag fer eg avgarde til Mandal ei veke. Det blir supert. Mandal er ein flott ferieby som alle burde reise til. Det blir heilt sikkert ein flott ferie.

Det er berre ein ting som manglar.

søndag 14. juni 2009

Sommar

Lenge sidan sist eg oppdaterte. Som om nokon bryr seg, men likevel.

Det er sommar. Eg har stått på begge eksamenane mine, og eg kan plusse på 30 nye studiepoeng til søknaden til bachelorgrad i nye medier på UiB neste haust.

Dei 442 kronene på kontoen min blir forhåpentligvis trylla om til drøyt 25000 i løpet av dei neste vekene fram til ferien. Blir meir og meir glad i administrasjonen på Harding som, sjølv etter først å ha sagt nei til søknaden min, headhuntar meg og gir ein udugelig montør som meg sjølv arbeid for 150 kr timen. Fantastisk.

Det er heller ikkje så verst at Brann slo Lyn i kveld. Nærmar seg jammen medaljestrid i Idrettsveien. Ventar framleis på årets første 0-6 for Brann.

Kort oppsummert, livet er ikkje så aller verst for tida. Dersom eg klarer å gjennomføre styrkeprogrammet eg har fått tilsendt av Sjefen, skal nok dette bli ein givande sommar.

fredag 22. mai 2009

Phail?

Då var første eksamen unnagjort. Det er vel ikkje så mykje anna å seie om den enn at eg er meget skeptisk med tanke på å stå. Var maks uheldig med spørsmåla i eitt av delfaga, og klarte såvidt å skrible ned det einaste vetle eg visste om spørsmålet. Men me får sjå. Det viser seg at store mirakel kan skje. I går, for eksempel, viste Azar Karadas målteft, i tillegg til at han slo ein følsom gjennombrotspasning. I tillegg brukte Petter Vaagan Moen utsida av venstrefoten og avslutta i mål. Dette viser at kva som helst kan skje. Ser ikkje vekk i frå at Kristjan Örn Sigurdsson limer ballen i krysset frå 30 meter om ikkje lenge.

Akkurat no har eg tatt meg ein liten pause frå lesinga til ENG124. Eg har gått gjennom ein del verk, og syns eg har vore ok flink i dag. Føler eg har ein viss plan med lesinga, og håpar mengden lesing er bra nok til å hugse noko når eg står føre den ekle Oxford/Cambridge- professoren som eg fryktar skal vere tilstades på eksamen på torsdag. Stryk i 124 ville vere døden for meg. 106 kan eg eventuelt ta opp og stå på på eit seinare tidspunkt. Forhåpentligvis til hausten. Eg håpar berre ikkje å stryke der er utslagsgivande i forhold til å komme inn på bachelorstudiet i nyare medie eller medievitenskap, som er dei to studia eg har søkt på.

Tida vil vise. Akkurat no viser tida at eg må returnere til William Wordsworth og finne ut kva han meiner med "Tintern Abbey". <-- Den førre setningen kan betraktast som eit stille rop om hjelp.

torsdag 14. mai 2009

Stress.. neh!

Den siste tida, det vil sei dei siste tre dagane, har eg lest på eksamen som eg skal ha den 19.mai. Det er ein eksamen i sosiolingvistikk og grammatikk. Begge desse faga er kjedelige, spesielt grammatikk. Eg hatar å lese til denne eksamenen. Det seier seg sjølv at det vert mykje hating når eg må lære meg eit halvt års pensum på ei drøy veke. Det skal nemnast at eg har sett meg sjølv i denne situasjonen, men det blir berre ein bisetning. Korleis ellers skulle eg lest? Lest jamnt og trutt gjennom heile skuleåret? Hah! Eg ler av folk som ikkje har null peiling på det dei driv på med to veker før eksamen. Er ikkje medlem av 'Norsk Skippertaksforening' for ingenting.

Fekk også vete hin dagen at eg skal ha min andre eksamen 28.mai. I det faget eg skal ha eksamen i, Britisk Litteratur og Kultur, veit eg om mogleg enda mindre om kva me har til pensum. Det kan fort bli ei småkritisk veke mellom eksamenane. Men det eg vel å fokusere på i forhold til eksamensdatoen, er kor perfekt eksamensdatoen passar meg.

- Eg er ferdig med eksamen i veke 22. Eg skal forhåpentligvis byrje å jobbe i veke 24. Dette betyr at eg får ei heil veke der eg kan ha fri og le av alle andre som ikkje er ferdig på skule og med eksamen.
- Guitar Hero: Metallica kjem ut 29.mai i Europa. Dette betyr at spelet kjem ut akkurat når eg er fri frå britiske 1700-talsdikt og liknande. Kombinert med ei heil veke fri kan dette bli happy time!

Berre eg står på eksamen, så kan dette bli ein riktig trivelig sommar faktisk. Det treng eg.

torsdag 30. april 2009

Kort update

Eg er framleis like slapp og umotivert.
Eg har framleis lest like lite på eksamen
Eg har framleis ikkje vent meg av med å spele WoW.
Eg har framleis ikkje klart Sweet Home Alabama på Expert.
Eg har framleis ikkje skreve jobbsøknad til Harding i sommar.
Eg har framleis ikkje bestemt meg heilt kva lag eg skal spele for neste sesong.
Eg har framleis ikkje vaska av steikepanna etter tacoen sist veke.
Eg har framleis ikkje kjøpt nye ting til leiligheten som eg sa eg skulle gjere.
Eg har framleis ikkje stått opp før 12 denne veka.
Eg har framleis ikkje lagt meg før 3 denne veka.

Då har eg oppdatert dykk på nokon av bekymringane mine.
På plussida:

Eg har faktisk gått inn i ein klesbutikk og med overlegg kjøpt klede til meg sjølv!

Når sånt skjer, kan ingen bekymringar i verda overgå det.

mandag 13. april 2009

Påsken

Ai, ai, ai! For ein påske! Kvar skal eg begynne?

Den entusiastiske starten var nok berre lureri.
Eg har knapt gjort noko som helst i påskeferien. Eg har vært ekstremt aktiv i den virtuelle verden, og dei fleste som kjenner meg skjønner nok før eg skriv det at eg har brukt store deler av tida på å game WoW. STORE deler. Faktisk så store deler at eg dei stort sett berre var avbroten av måltid, søvn og volleyballtreningar. Før ferien sa eg til meg sjølv at eg skulle jobbe med kultur-essayet mitt, trene styrke, padle kajakk, gå fjellturar, komme meg i skitrekket, lese bøker og vere sosial. Men neida. Det dumme dataspelet saboterte dei planane. Eg gler meg til sommaren. Då skal eg nemlig slutte. Eg skal iallfall prøve.

Eg har i det minste fått trent litt volleyball. Har forsåvidt vore kjekt å trene, men eg merkar at eg er veldig lei akkurat no. Treng ein lengre pause før eg skal prøve å få litt god grunntrening i sommar, for å gjere meg klar til ein ny sesong. Når det gjeld kor eg skal spele neste år, så trur eg at eg har bestemt meg. Skal sove litt meir på det.

Framover ventar ein hektisk periode på skulen. Nytt essay-utkast skal inn på fredag, og samtidig bør eg jobbe med det andre essayet mitt, og på toppen av alt nærmar eksamen seg med stormskritt. Med tanke på den minimale innsatsen eg har lagt ned i skulearbeid i år, ser det stygt ut. Men skal no berge ståkarakter. Men eg gruar meg.

Påsken i år har altså vært fryktelig innhaldslaus, likevel klagar eg ikkje. Avslappande var det iallfall. Men eg fekk ikkje påskeegg ><

søndag 29. mars 2009

Gull!

Det vart gull på Nyborg! Me spelte ein dårlig kamp, men likevel vant me greitt 3-0, og kunne juble for gull. Eg fekk spele ein rotasjon bak, litt skuffa over det men det tenker ein ikkje på når me har vunne gull! Medaljeseremonien etterpå trur eg var noko av det kjekkaste eg har vore med på. Etterpå bar det rett heim til Siljanders på gullfest. Mykje drikke vart konsumert og det var meget god stemning! Heldigvis drakk eg sjølv beherska og fekk lov til å vere den som lo av den fullaste fyren (les: Kriss) denne gongen. Etter at mesteparten var gått heim (Kriss blei vel slept/kjørt heim, men det er ein detalj), bestemte me oss for å tilbringa ein drøy time i jacuzzien til Siljanders. Ein meget bra avslutning på ein meget bra fest.

I det heile tatt var dagen veldig inspirerande for framtida, og eit godt argument for å spele for Nyborg neste år. Ikkje berre det å vinne gull, men og at eg fekk signal om at eg vil bli satsa på neste år dersom eg bestemmer meg for å skifte. Det avhenger likevel av fleire ting, bl.a konkurransen i Nyborg, om Rossvoll finn ein erstattar for meg, og korleis opplegget blir i Rossvoll denne sesongen.
Det blir nok ein runde eller to i tenkeboksen fram mot neste sesong. Likevel må eg vel halde fokus mot neste helg, sidan me då har årets to siste kampar. Veit ikkje om eg skal vere med eingang, men må vel vere fokusert heilt til eg høyrer at eg ikkje skal det. Dersom eg ikkje skal det, så blir det nok ein aldri så liten pubkveld heime på bygda :)

No er klokka 03.32, og eg går og legg meg.

fredag 27. mars 2009

Gull?

Til helga ventar eit viktig oppgjer mot BK Tromsø. Vinn me kampen, er me seriemeistrar. Eg har heldigvis klart å snike meg med i troppen på såpass mange kampar at eg får medalje dersom (les: når) dette skjer.
Ganske spent på om eg får speletid på søndag. Treningane tyder på at eg ikkje får vere med som libero. Det ser eg på som negativt for mine eigne sjansar. Har i det heile tatt lita tru på noko speletid. Føler overhodet ikkje at eg har tillit hos trenaren, eg merkar han er nervøs for å setje meg innpå. Og når han først gjer det, vert eg så nervøs fordi eg føler eg har den eine sjansen til å prestere. Det fører berre til at eg speler dårlig, og når eg speler dårlig ein kamp så er eg vel nødt til å vere best på trening i eit halvt år for at han skal gje meg sjansen igjen.
Deilig å lufte ut litt frustrasjon. Gleder meg vilt og voldelig til sesongen er ferdig.

Uansett handlar ikkje alt om volleyball for tida, (u?)heldigvis. Har jobba mykje med essay denne veka. Eller, strengt tatt begynte eg å skrive på onsdag. Brukte heile natt til fredag på å skrive førsteutkastet. Spent på tilbakemeldinga. Håper det er nokonlunde greit, så eg slepp å jobbe så masse meir med det. Ville vore fint å hatt litt meir tid til andre ting. Merkar at desse to heile dagane med fokusert skulejobbing har VERKELEG slite meg ut. Er ikkje vant med slike kolossale arbeidsmengder. Men jo meir eksamen nærmar seg, jo meir vert eg nok vant med det.

Likevel, det blir nok ein del restitusjons- Guitar Hero framover.

mandag 23. mars 2009

Seriemester

I går vant me 3-0 over Randaberg. Det betyr at me kun treng vinne neste kamp mot Tromsø i Stemmemyren for at me skal sikre oss gullet heilt sikkert. Den går søndag 29.mars, kl 1500. Alle bør komme og sjå på den!

Større enn gleden over å få vere med å ta seriegull er bekymringane eg har på skulen. Har framleis ikkje klart å leite fram motivasjon til å skrive essayet mitt. Har knapt fått med meg noko som helst av det me har hatt på skulen ellers. Eg er fucked viss eg ikkje tar meg seriøst saman. Det har eg tenkt å gjere, men motivasjonen, eller mangelen på den, kan vise seg å ødelegge den planen. Me får håpe eg klarar å ordne eit førsteutkast til essayet innan fredag, som er tidsfristen for det.

mandag 16. mars 2009

Godt og vondt

Mykje har skjedd sidan sist eg blogga. Eg har vore med Nyborg sørover og "bidratt" til at Nyborg no er skremmande nær seriegull. Me spelte mot TVN laurdag og eg fekk starte som libero. Eg takka for tilliten med å bli ezzzah på første serv. Kom aldri inn i ein rytme i mottak og sleit med alt som var av flakkserv. Når det er sagt var ikkje dei andre på laget noko betre. Me vant eitt og tapte eitt sett før eg til slutt fortjent blei bytta ut. Ein stor katastrofe der altså. Heldigvis fiksa dei andre på laget opp i rotet mitt og me vant 3-1. Eg la inn ein god søknad om å ikkje få spele meir denne sesongen.

Eg fekk iallfall ikkje spele dagen etterpå mot Randaberg. Me spelte betre då og vann 3-0, ganske greit, sjølv om kampen var spennande i lange periodar. Slår me Randaberg på heimebane neste helg, er me i praksis seriemeister. Synd eg ikkje får ta del i den kampen på banen, det har eg nok sørga for. Heldigvis får eg registrert kamp for å vere i troppen, og har allereie sikra meg gullmedalje dersom det skulle gå vegen.

Nok volleyball, faktisk. På skulen ventar eit essay der første utkast skal inn om 10 dagar. Eg skal lese to bøker og samanlikne noko frå dei. Det er ei vanskeleg oppgåve. Ei vanskeleg oppgåve som eg ikkje har begynt på. Eller, eg har lese halve eine boka. Men no trengs det eit skippertak. Håpar at det ordnar seg nokonlunde. Er framleis ekstremt umotivert og uinteressert i det som føregår på skulen. Gjorde eit aldeles hakkandes feil valg ved å gå på Engelsk. Gledar meg til å vere ferdig, sjølv om det er kjekt å vere med folk frå faddergruppa.

I dag begynte Tippeligasesongen for Brann. Eg skal ikkje sei meir enn at det blir ein lang og grusom sesong. Men eg ser framover og satsar på at Steinar Nilsen har ein plan. Reknar med Brann klarar ein plass omtrent midt på tabellen. Skal ikkje forvente meir enn at dei ofrar 100% kvar einaste kamp.

Samstundes går rykta om at Erlend Mæland har gjort uskikkelige ting på trening igjen. Fekk bekrefta dette hos sikre kjelder innad i Rossvoll- miljøet.

mandag 9. mars 2009

Innhaldsrik helg

Det var ei kjekk helg i Førde(!). Me reiste oppover på fredag og fekk slappa av litt på hotellet på kvelden før me la oss til å sove, klare for spennande kampar dagen etter. Og spennande vart det. Etter knepent tap 16-14 i tredje sett mot Nyborg, noko som me meinte skuldast taktiske disposisjonar og nedpsyking i time-outar, slo me Blindheim og Gløshaugen 2-0, der sistnemnte vart 27-25 i begge sett.

Det betydde at me vart nr.2 i pulja og me møtte då TVN, i enda ein thriller. Etter å ha tapt første sett greitt og lege under 17-12 i andre, våkna me og snudde settet til 27-25. I tie-breaket følgte laga kvarandre heilt til døra og begge lag hadde fleire matchballar. Heldigvis blokka Tore Gunnar ned ein TVN-spelar, eg lurer på om det var unge Tvinde, på vår matchball og me kunne sleppe jubelen laus. Ekstremt deilig å vinne eit jamnt tie-breaksett for ein gongs skuld. Spesielt i ein kvartfinale, som er ein jævlig kjedelig kamp å tape. Koll venta i semifinalen dagen etterpå. På kvelden gjekk me og åt pizza. Den var god. 0.6- en med øl smakte også sinnsvakt godt.

Søndag venta altså dei lovande unggutta frå Koll. Dei knuste oss i første sett. Me knuste dei i andre sett. Tredje settet vart heilt jamnt, som vanleg. Stillinga var 11-11 då Koll vart avblåst for føring og Martin fekk gult kort for å protestere, som han for øvrig hadde all grunn til å gjere, tåpelig avblåsning. Etter kvar sin side-out og 14-12 slo Svein Solhaug ballen 12 og ein halv meter ut frå pos.2. Desverre for oss dømte Cato nettfeil på blokka vår. Eit par dobbeltslag frå Gaute og litt side-out seinare var stillinga 17-17. Tore Gunnar slo to ballar i ei stor Koll-blokk og tapet var et faktum. Ufattelig irriterande.

I bronsefinalen var enkelte av oss, underteikna inkludert, berre sånn passe interessert i å yte skikkelig. Det enda med eit greit tap 0-2 tap mot Nyborg. Me fekk derfor fjerdeplass i turneringa, og femteplass på totalrankingen, noko me må sei oss bra fornøgd med.

Til slutt litt sladder. Sikre kjelder innad i Rossvoll- miljøet hevdar at Erlend Mæland si store flamme har rota med Frank i massasjestolen på 1881. Den sikre kjelda i Rossvoll- miljøet jobbar sjølv på 1881 og har nok god peiling på det han snakkar om. Synd det Erlend.

tirsdag 3. mars 2009

Vinterferie

Hurra, no er det vinterferie. Og eg skal vere den første til å innrømme at vinterferie jaggu ikkje er mykje annleis enn vanlege skuleveker. Det baklagar eg, og tar sjølvkritikk på. Har vore veldig lite motivert for skule dei siste vekene, delvis fordi det er ubegripelig kjedelig, delvis fordi... nei, vent, det er kun på grunn av at det er ubegripelig kjedelig. Skulle gjerne vore flinkare å gått på skulen og fått med meg meir, men det går rett og slett ikkje an når det eg skal få med meg handlar om 245 år gamle dikt om metaforar til samfunnsproblem. Då er rett og slett Guitar Hero meir freistande og givande.

Likevel så får eg nok svi for det dei komande vekene. Skal levere inn førsteutkast til essay 27.mars. Blir nok ei stressande tid framover. Det fortener eg verkeleg, etter all slauringa tidlegare i år.

Når det gjeld volleyball, så hadde eg ein fryktelig dårleg kamp på søndag. Spelte eitt sett som libero og gjorde det heilt elendig. Var litt betre i går, då fjorårets kretslag -Vegard spelte kamp mot nokre besøkande polakkar. Dei var heilt ok gode, men me slo dei 3-2 til slutt. Eg kjenner på kroppen, som gjer vondt, at rankingturneringa i helga er det siste denne sesongen som eg verkeleg gler meg til. Resten blir berre eit pliktløp som eg eigentleg ikkje er spesielt motivert for. Gler meg til sesongen er ferdig. Fram mot avreise til Førde fredag skal eg sikkert berre slappe av.

Og til slutt litt sladder: Det seiast frå sikre kjelder innad i Rossvoll- miljøet at den sikre kjelda innad Rossvoll- miljøet har vore på middag hos Silje van Hoek. Eg kan avsløre at den sikre kjelda innad i Rossvoll- miljøet, som for øvrig er mannleg IKKJE er Erlend Mæland, noko som betyr at EIN ANNAN gut enn Erlend Mæland har vore på middag hos Silje van Hoek. Det skulle ikkje overraske meg om han fekk servert høne til middag. Når ein tar med i berekninga at Silje van Hoek inntil nyleg hadde profilbilete på Facebook der ho er avbilda ilag med Bjørnar Skjelvan, EIN ANNAN gut enn Erlend Mæland, skulle det ikkje forundre meg om det er trouble in Paradise.

Det er iallfall det sikre kjelder innad i Rossvoll- miljøet seier.

lørdag 28. februar 2009

Veka

Veka mi har vore mykje det samme som tidlegare veker. Litt lite skule, litt mykje volleyball og litt mykje suggerande underhaldning. I kveld (laurdag) har me spelt sesongens siste heimekamp mot serieleiar OSI. Me spelte årsbeste, men det haldt desverre ikkje heilt inn og endte med 1-3- tap mot eit gjerrig OSI med ein småklysete Anders Myhr i spissen. Det er likevel ikkje mykje å deppe over, og me reknar med at seriespelet endar med fjerdeplass. Då gjenstår berre ei rankingturnering i Førde før me kan summere opp plasseringa vår. Blir spanande. Etter den kjem eg til å rette fokus over på Nyborg, og prøve å få mest mogleg speletid der resten av sesongen. Apropos Nyborg skal eg reise til byn imorgon og forhåpentligvis spele litt mot Kristiansund. Det vert nok desverre ein lett kamp mot eit latterlig urutinert lag.

Trass i tapet idag finst det noko å gle seg over. Eit Liverpool med Captain Dive i spissen gjekk på ein velfortent smell mot eit Middels Boro. Verkeleg synd. NAAAT!

Gullet kjem nok heim til dei kjente traktene i år og.

søndag 15. februar 2009

Gator!

Fekk tilsendt ein fin Youtube-video av Scott. Den er ein instruksjonsvideo for volleyball ikkje heilt etter læreboka. Byr likevel på mange fine opplevelsar, sjølv for dei som ikkje er spesielt innvidde i volleyball. Gator!

lørdag 14. februar 2009

Viktig oppdatering

No viser det seg at Erlend Mæland og Silje van Hoek verkeleg er forelska, og at det ikkje er berre tøys som "sikre kilder innad i Rossvoll-miljøet" har funne på. Dei er offisielt (på Facebook, altså) eit par. Eg ønskar dei lukke til og alt godt i framtida. Gud veit Silje kan trenge det med Erlend.

Ryktene går forresten om at foreldrene til Erlend i kveld, laurdag, er vekke og at Erlend har tenkt å benytte sjansen til laksemarinering. Det seier iallfall sikre kilder innad i Rossvoll-miljøet.

Me slo forresten Austevoll 3-1 i dag. Og det vert ein rolig kveld.

mandag 9. februar 2009

Sukk

Nok ein gang er det måndag. Eg har ikkje vore heile dagen på skulen slik eg planla. Men innerst inne planla eg vel eigentleg ikkje å gå på skulen. Hadde eg planlagt å gå på skulen, hadde eg lagt meg ei stund før 0430. Men det hadde mest med at eg sov av meg fyllesjuka til klokka var halv 3 i går, og sovna i vel ein time på senga i går kveld. Derfor vart det litt vrient å sove.

Uansett. Ny veke. I morgon skal eg lese Frankenstein på skulen, det har eg lovt meg sjølv. Blir skuffa om eg ikkje klarer det. Om ikkje heile boka, så iallfall nokre kapittel. Resten av veka blir nok som vanleg; trening, forsøk på å gå på skulen og ein heil del Guitar Hero. Har stabilisert meg på Hard no. Godt nøgd med det. Gler meg likevel til neste helg. Har planar om å vere i byn. Treningsfri fredag og viktig kamp mot Austevoll dagen etter, med påfølgjande spelefri på søndag, høyres slett ikkje verst ut. Det betyr at eg har anledning til å feste og slikt, men etter helgas Jägersmell er det mulig eg tar det med ro. Får sjå. Det er likevel eit stykke fram i tid.

No skal eg konsentrere meg om eg skal koke potetene eg skal ha til middag med eller utan skal. Wish me luck.

tirsdag 3. februar 2009

Evig spørsmål

Eg har tenkt mykje i det siste på svært viktige spørsmål. Eg finn svaret på ganske masse, men det er noko eg rett og slett ikkje klarer. Skal eg skrelle potetene før eg kokar dei, ellers skal eg vente med å skrelle dei til etterpå? Å skrelle dei før tar lenger tid, og gjer meir skall, men då slepp eg gjere det etterpå når resten av maten ser klar og deilig ut, samt at eg er heilt utrulig latterlig dårlig på å skrelle poteter med bestikk. Eg må skrelle dei med nevane, og då brenner eg meg!

Eit heilt umulig dilemma. Hjelp!

mandag 2. februar 2009

Er eg gammal alt?

Det høyres sikkert utruleg ut, men eg føler meg allereie som ein gamling. Det er ikkje vanleg for 19 år gamle guttungar å ha vondt i eit kne, i låret, i ein lysk, nedover heile ryggtavla og i ein fing, såvidt eg veit. I tillegg er eg ekstremt god på å slå touch. Trur rett og slett eg er blitt rutinert. Kven veit kor dette kan føre når eg blir 40?

søndag 25. januar 2009

Veit ikkje heilt ka eg skal sei om denne veka

Som tittelen seier, eg er litt usikker på korleis eg skal omtale veka som har gått. Når det gjeld skule, så har eg vore anten flink og møtt opp og følgt med, medan nokon dagar har eg berre gitt faen. Når det gjeld å vere sosial, som er noko eg jobbar med meg sjølv for å bli, har det vore litt blanda gjennomføring også der. Å i det heile tatt møte opp på skulen og snakke med andre menneske er for meg i seg sjølv overlegent bra i forhold til å vere sosial. I tillegg har eg jo trent fire gonger denne veka, og der er det jo også andre folk. Når eg på toppen av det heile joina Trine og Caroline på lunsj hjå dei, må eg sei meg imponert av meg sjølv. Spesielt sidan dei fortalte meg om Slagsmålsklubben, som er ei skammeleg stilig elektronikagruppe frå Sverige. Minnar litt om Kraftwerk, berre spennande, og ikkje tysk.

Samtidig har eg ikkje vore så flink likevel. Utanom det eg har nemnt ovanfor, har eg stort sett bura meg inne og spelt Guitar Hero eller WoW. Spesielt laurdagen var ganske eksepsjonell i så måte, eg kan ikkje huske at eg var utanfor dørstokken min. Hadde eigentleg lyst til å drikke, men så var det volleyballkamp på søndagen. Sidan eg er skikkeleg profesjonell, var eg i seng allereie klokka 03, heile 5 timar før eg skulle avgårde på morgontrening! Dette er for meg imponerande, og det forklarer vel ein heil del om leggetidene mine ellers. Volleyballkampen gjekk forresten greit. For dei volleyballinteresserte, så spelte eg eit og eit halvt sett som libero. Det gjekk greit. Blei ezza ved ein anledning av ein viss Rønneberg, men ellers var det ok, trur eg. Må nesten få mottaksstatistikk av Ivar før eg kan sei noko om det.

Sidan volleyballen gjekk så bra, får me vel berre sei at veka har vore fin. No skal eg berre gjere ferdig career'en min på GH, så skal eg legge meg. Kanskje. Eller nei, då skal eg nok sjå på The O.C.

fredag 16. januar 2009

Livet mitt kjem til å bli ødelagt!

I dag fekk eg meg Playstation 2 i leiligheten. Eg har også kjøpt Guitar Hero: World Tour. Sia eg allereie er relativt aktiv med å spele WoW, gruar eg meg til å sjå resultatet av nyanskaffingane. Kanskje klarar eg å komme opp på Hard i løpet av våren, men eksamensresultata og det sosiale aktivitetsnivået vil nok gå proporsjonalt nedover. Med ein enda djupare kurve, med andre ord.
Sosial eller ikkje, det er kjekt at det er helg. I morgon skal eg sjå Premier League- tabellen bli slik den er meint til å vere, samt å kanskje vise meg på fest i ungdomshuset i Ølve. Kanskje. Det vil sei, eg har ikkje spesielt lyst, men eg er heime og må vel nesten.

mandag 12. januar 2009

...

Nokon folk gjer meg så jævlig forbanna. Dei gjer meg så forbanna og skuffa at eg veit ikkje kor eg skal gjere av meg. Skal ikkje gå nærmare inn på saka, ville berre skrive at eg er skikkelig forbanna akkurat no, og eg skulle ønske personen eg er forbanna på kunne lest det. Ikkje at eg trur personen bryr seg, for det gjorde den ikkje når den gjorde meg forbanna heller.

Helvette sattan altso.

torsdag 1. januar 2009

Christ...

Det er berre å beklage det førre innlegget her. Det vart skrive i sterkt påverka tilstand, og mesteparten av bodskapet er berre pisspreik. Likevel er eg stolt over evnen min til å skrive grammatisk korrekt, sjølv i fylla.

Og ja, i dag er ein dårleg dag for meg!