lørdag 13. februar 2010

Don't come around here no more!

No er det jammen lenge sidan eg skreiv noko her. I mellomtida har eg arbeida med å få opp ein ny og finare blogg, som er uavhengig av dei ekle restriksjonane ekle Blogger har. Eg kan dermed stolt linke til den nye sida mi, sundfjord.com. Det er der all magien kjem til å skje frå no av. Så ikkje kom tilbake hit.

tirsdag 2. februar 2010

Gøyalt

Det er ei stund sidan eg fann det ut, men det er først no mangelen på noko å skrive om er så påtrengande at eg nemner det. Det kan hende alle veit det, men sidan mange linkar meg youtube-videoar og ber meg sjå frå til dømes 13:37 ut i filmen, så virkar det ikkje sånn. Iallfall:

Dette er ein link til ein video på YouTube.
http://www.youtube.com/watch?v=z600WL0j1ck

Dette er ein link til ein video på YouTube, der filmen automatisk startar frå 2 minutt og 36 euti filmen, som tilfeldigvis er det noko brutale høgdepunktet i filmen.
http://www.youtube.com/watch?v=z600WL0j1ck#t=2m36s


See what I did there? Ved berre å legge til " #t=02m36s " bak video-URL'en startar filmen frå 30 sekund. Stilig. Så slepp den du linkar videoen til å finne det fram sjølv. Lettvint, og du kan briefe med det. Kanskje.

torsdag 28. januar 2010

The Temper Trap

Eg synest det er kjekt å oppdage nye band. No i det siste har eg gjort akkurat det.
The Temper Trap er eit australsk band som spelar deilig, atmosfærisk rock. Dei minnar litt om U2, berre at vokalisten er eit indonesisk geni med tøffe briller, ikkje ein litt plagsom ire med ein tidvis frustrerande sleik.

Det er sikkert mange som har høyrt songen Sweet Disposition i ulike reklamar og liknande. Grunnen til dette er at den er jævlig bra. Heldigvis er dette berre begynnelsen. Resten av førstealbumet deira, Conditions, er nesten like bra. Eg anbefaler hordane av lesarar på denne bloggen til å høyre gjennom. Dei har berre eitt album, og det er ikkje spesielt langvarig, så det er fort gjort.

mandag 25. januar 2010

Avhengighet

Eg er ein fyr som vert lett avhengig av ting. Kanskje først og fremst ting som foregår på datamaskiner, som til dømes små spel, morosame kattebilete og liknande.

Dei nye avhengighetane mine føregår ikkje på data. Dei føregår stort sett i munnen min. Eg trur nemlig eg har blitt avhengig av saft, tannpirkarar, grøne druer og ikkje minst fullstendig overdreven og unødvendig linking til ting alle veit kva er.

lørdag 23. januar 2010

Referat frå cupfinalehelga

Etter eit innfall av skrivelyst på fredag, skribla eg ned ein del setningar som etter kvart tok form av et referat frå cupfinalehelga. Heile referatet kan lesast her.

torsdag 21. januar 2010

Skrivesperre

Det var ein periode i desember då eg skreiv mykje på bloggen. Eg spydde ut innlegg som ei annan fjortenåring som har kjøpt seg ny sminke ho føler seg nødt til å fortelje om. Denne perioden er over. Mykje fordi det ikkje lenger er desember og 900 fridagar, men også fordi eg ikkje har peiling på kva eg skal skrive om. Eg har nemnt kva eg skal gjere på skulen framover. Eg har nemnt at eg brukar ein del tid på å sjå på ymse seriar på DVD. Dei fleste som les bloggen eller generelt har den minste idè om kven eg faktisk er har vel også etter kvart fått med seg at eg driv på og drylar litt volleyballar rundt omkring relativt ofte. Meir skjer det strengt tatt ikkje i det lettbeinte livet mitt. Det skjer mykje rart inne i hovudet mitt, men noko av det er for personleg eller berre direkte feil for vevpubliseringar. I alle høve, korkje eg eller den middelaldrande dama i lilla nedanfor (forøvrig henta frå Google etter å ha søkt på "wondering") veit kva eg skal gjere med skrivesperra.

Eg fell ikkje for freistinga til å lage poll om kva eg skal skrive om slik dei proffe gjer, og eg skal heller ikkje påføre folk som har forslag til ting å skrive om lidelsen det er å prøve å kommentere noko med den talentlause, tvungne innlogginga som trengst for kommentering her. Veit dermed ikkje korleis eg skal få tilbakemeldingar, men eg ser for meg at å sende meg eit brev i posten er lettare og mindre strevsomt enn å kommentere på bloggen.

Som ein siste ting å sei før alle bestemmer seg for å aldri besøke denne keisame bloggen igjen, kan det nemnast at det forhåpentligvis kjem ein aldri så liten godbit av ein film i løpet av fredagen. For dei som håpar på ein lang feature-film, kan eg røpe at temaet eventuelt vert glorifisert volleyballdryling. Sjølv om ein film er å håpe på mykje, er det derimot større håp for eit lengre referat frå cupfinalehelga i Randaberg. Eg håpar det kan ha allmenn interesse, for gjengiving av hendingar er det einaste hjernen min klarar å bidra med for tida. Forhåpentligvis klarar eg å gjengi hendingane med ein lettbeint tone og gjerne med eit åpent forhold til fakta. Slik kan det kanskje verte litt morosamt. Kanskje ikkje like morsomt som dette morosame biletet nedanfor av ein søt kattunge som ligg på eit tastatur, men kanskje oppimot 80% så morsomt som biletet. Dette er sjølvsagt individuelt utfrå type humoristisk sans. No masar eg. Ironisk for ein som skryt på seg å ha skrivesperre.

mandag 18. januar 2010

ABC, easy as 123.

Då var også ex-phil-karakteren min komen tilbake. Til trass for minimal satsing på faget slo eg til med ein relativt ufortent A. Skjønar ikkje kva eg har gjort for å bli behandla slik. Eg var iallfall ein av 24 som fekk A, av dei totalt 457 deltagande i faget. Stilig.

Jammen er det synd at ex.phil er slik eit ubrukeleg fag som ingen bryr seg om. Men som eit trøst, så har eg iallfall fått A, B og C i haustsemesterfaga. Artig med ABC. Fnis fnis. No skal eg straks sove, for eg skal i morgon, tysdag, ta til å lære meg programmering i Java Kl 08.15. Hjelpe meg.

søndag 17. januar 2010

Meir innhaldsrike dagar?

Heilt sidan eg leverte den siste oppgåva i ex.phil 9.desember har eg hatt ferie. Den første skuledagen var 12.januar og varte i to timar. I mellomtida har eg slaura, trent litt og generelt ikkje gjort noko fornuftig. Det er kanskje etterkvart på tide at dagane mine blir litt meir meiningsfylte. Etter å ha tatt ein kikk på faga for dette semesteret, trur eg ikkje det skal bli eit problem å ha nok å gjere på. Eg skal ha tre fag, INFOMEVI171, INFO132 og INFO114. Det ser spennande ut, men det blir nok også mykje arbeid. Men det er vel fint. Eg har fri på onsdagar, og den har eg avtalt å bruke til først ein times styrketrening saman med sambuaren min Flotve junior, og deretter skal den brukast til lesing. Så gjenstår det å sjå om eg kan halde det målet.

Sjølv om det er ei veke sidan no, så har eg ikkje gløymt cupfinalehelga heilt. Eg sendte i går mail til TV2 om å få/kjøpe opptaket dei gjorde av kampen. Målet er å få tak i opptaket og deretter lage ein litt fancy redigert film av det og kanskje også Ivar sitt opptak. Fleirkameraproduksjon hadde vore stilig. Uansett har eg også planlagt å etterkvart skrive referat med meir fokus på det som skjedde ellers i helga, utanom kampen. Eg satsar iallfall på å ha begge deler ute innan januar. Ellers gløymer eg garantert alt som skjedde. Dette skal iallfall vere eit fint sideprosjekt for meg.

No reiser eg straks til Stemmemyren for å sjå BSI spele mot Koll. Eg håpar Andrea Aase Hole er komen til hektene igjen etter den dramatiske skaden ho pådro seg i går. Etter kampen skal eg heim og slappe av før eg skal gjennom den mest "stressande" veka i livet mitt på ei god stund. Huff og huff, korleis skal dette gå?

Laurdagens kamp

Jepp, då er det nok ein spelefri søndag, noko som gjer meg plenty med tid til å skrive ei oppdatering på kva som skjer i det utruleg uspennande livet mitt.

Etter cupfinalesuksessen i Randaberg førre helg var det spennande å sjå om me kunne halde nivået oppe når me i går spelte ny seriekamp på samme plass mot samme lag. Og gjett om me tok utfordringa. Men me fekk ein litt spesiell oppladning til kampen. Det innebar å køyre ein leigebil som viste seg å ha ein feil på motoren. Det gjorde , etter først å ha kjørt opp heile oppoverbakken i ein undervannstunell i andre gir, med rundt 4000 omdreiningar heile vegen, at me måtte stoppe litt forbi Stord og vente ein time på ein ny (og betre) bil. Me ankom Randaberghallen omlag ein time før kampstart. Optimalt? Neppe.

Kampen i seg sjølv blei ein kort affære. Etter å ha feid over Randaberg med 25-7 i første sett, spelte Randaberg litt betre i dei to neste, men dog utan å vere i nærleiken av å true oss. Det tok oss under ein time å gå sigrande av banen. Svært imponerande av oss, som har ein tendens til å sleppe oss nedpå i kampar me har kontroll på. Me koste oss på banen i går, så det var kjekt. For min eigen del fekk eg, akkurat som i finalen, fint lite å gjere på. Nokre hoppservar som eg for det meste tok meg greit av og nokre gratisballar var behaldninga for min del. Tar det som eit kompliment at Randaberg servar vekk frå meg.

Anyway, me reiste frå Randaberg omlag kvart over tre. Kort prosess, med andre ord. Eg kom heim rundt kvart på ni på kvelden, og brukte den til å chille med dr.House.

søndag 10. januar 2010

Cupmester!

I går gjekk finalen av stabelen i Randaberghallen. Rundt 850 tilskodarar blei vitne til ein ganske uspennande finale. Nyborg spelte ein veldig god kamp, medan Randaberg ikkje fekk til mottaket sitt og fekk slite mot monsterblokka vår. Dermed grei 3-0- siger og cupgull! Det var ei ekstremt god kjensle å sjå lagkaptein Gamlefar løfte pokalen i veret. Eg har alltid ønska å spele på eit lag som når opp på aller høgaste nivå. Som junior har eg alltid vunne mange medaljar regionalt, men i NM har Strand-Ulv aldri nådd heilt opp. Nærmast var me tilbake i 2008, då me kom til semifinale og hadde Førde i kne, men dumma oss ut og kasta vekk ei soleklar leiing i tie-break. Det var utruleg bittert, fordi eg var redd det var siste sjanse til å vinne ein NM- medalje. Ikkje få medalje, men VINNE. Vere best. Heldigvis stemte ikkje det. No er eg endelig best. Det betyr mykje for meg, og det skal eg nyte.

Eg er utruleg heldig som plutselig fekk sjansen til fast spel på Norges beste lag. Samtidig er det ingen som fortener det meir enn meg, etter avsindig mange treningstimar heime i gymsalen og seinare hallen på Hatlestrand og på den slitne parketten i Stemmemyren. Og når eg først fekk den sjansen, har eg tatt godt vare på den med stort sett stabilt spel så langt. Meiner eg sjølv, iallfall. Eg er spent på fortsettelsen. For dette ga meirsmak!

No skal eg kvile på laurbæra denne søndagskvelden. Det blei seint i seng etter å ha feira gullet skikkelig. Er ganske trøtt no, derfor skal eg kvile og sjå på ein eller annan serie. Det blir deilig, for i morgon er det tilbake til treningskvardagen og oppladning til ny seriekamp borte mot Randaberg neste helg.

fredag 8. januar 2010

Cupfinale

Då var det klart for cupfinale mellom Randaberg og Nyborg i morgon. Kampen går i Randaberghallen kl 16.00. Det blir ein stor opplevelse å spele cupfinale føre eit forhåpentligvis firesifra antal publikummarar. Eg gler meg veldig. Som før kvar volleyballkamp girar eg meg opp med å sjå på videoar av dei beste spelarane. I den anledning vil eg framheve denne. Ikkje berre inneheld den det beste frå volleyballen i Beijing- OL 2008, men den er også lagt ut i framifrå HD- kvalitet. Fantastisk.



No er det straks klart for avreise. Du og du, dette blir spanande.

mandag 4. januar 2010

2010

Då var me inne i 2010. Eg likar å sei totusenogti. Har ikkje noko mot tjueti- versjonen, men utan å tenke over det blir det totusenogti. Eg har laga meg eitt nyttårsforsett som eg skal prøve å følge:

- Ikkje lage nyttårsforsett

Dette forsettet var ganske greit, då det automatisk blei fullført når eg fann det på, og samtidig bestemte meg for ikkje å lage fleire. Genialt i all sin enkelhet.

2009 var eit greitt år, verken meir eller mindre. Om eg skal oppsummere 2009 med ett einaste ord, så vil det ordet vere "totusenogni". Meir innhaldsrikt kjem eg ikkje på. Må innrømme at dette greiene om nyttår er frykteleg, frykteleg oppskrytt. Mest ein i utgangspunktet teit unnskyldning om å feste. Eg har med andre ord få spanande kjensler kring årsskiftet. Det meste vert oppsummert i denne songen.

Eg vart litt skuffa no, for eg trudde at det skulle vere mykje interessant å skrive no i det første innlegget i 2010, men det var det absolutt ikkje.