onsdag 31. desember 2008

Fyllafest

Nyttårsaftan viste seg å vere ein stor suksess. I skrivande stund ligg Linn-Christin like ved datamaskina, døddrukken som vanleg, noko eg håpar me alle kan le av i morgon. Lol. Sjølv har eg det utruleg bra, har drukke altfor mykje, men klarar likevel å utføre prikkfri nynorsk grammatikk. Renè vil at eg skal skrive om han, derfor skriv eg at han er altfor full og at han burde gå og spele ein clan war med n00bcrewet sitt. Og så spelar han Source. Lol. Uansett, kvelden har vore bra. Mykje drikke og mange unge altfor fulle jenter å le av. Eg har knapt nok tenkt på at me er i 2009, men det gjer ingenting. Vil gjerne avslutte med å le av Magnus Hanevik sine manglande evner til å synge Viva La Vida av Coldplay. No skal eg finne Knights Of Cydonia på Youtube og spele den, sjølv om ingen andre likar den. God natt.

søndag 28. desember 2008

Jul

Ja, så var størsteparten av jula over. Og pinnekjøtet har smakt godt, presangane har vore fine, gamle kjente har blitt helst på, romjulscupen på Tysnes enda med gull og jammen har eg ikkje komt meg opp på Medium vanskelighetsgrad i Guitar Hero og. Det har med andre ord vore ei stort sett vellukka jul. No ventar ein forhåpentligvis artig nyttårsfest Hos Martin (moro). Ellers byrjar eg ikkje på skulen før 7.januar (trur eg), noko eg er glad for. Det skal bli godt å slappe av litt før "stresset" på universitetet byrjar igjen.

No skal eg gå og ete julebakst.

lørdag 20. desember 2008

Eksamen 2

Bestått!

Min andre eksamen på UiB resulterte i ein C, noko eg må sei meg greit fornøyd med utfrå tida eg brukte på rein lesing på stoffet. Likevel er det rom for forbetring, som eg neppe kjem til å ta nytte av komande semester. Kjem nok til å verte mykje det same når det gjeld strukturering og disponering av tid.

Det får vente. No er det juleferie.

onsdag 17. desember 2008

Eksamen 1

Bestått!

Første eksamen i ENG101, Fonetikk / Grammatikk er bestått. Det er eg veldig glad for.
Noko eg ikkje er fullt så glad for er at karakteren var den ikkje spesielt tillitsvekkande bokstaven D. Eg får skjerpe meg til neste semester. Naat.

søndag 14. desember 2008

Interessant helg

På fredag fekk eg låne ho mor sin bil og køyrde avgårde til byn, full av forhåpning om speletid i kampane for Nyborg fredag og laurdag, samt at eg gleda meg til å sjå toppoppgjeret mot Randaberg søndagen. Desse forhåpningane må eg sei at eg fekk nokonlunde oppfylt. På fredag venta eit ikkje altfor imponerande TVN- lag, som me slo komfortabelt. Eg fekk spele omtrent eit halvt sett, inkludert dei siste ballvekslingane som framspelar. Eg fekk til og med legg to gongar på settballen men eg slo feil begge gongane og får nok aldri den sjansen igjen :( Alt skrytet til trenar Ivar må nok byggast opp på nytt no. Trass i fadesen dagen før, sparka ikkje Ivar meg ut av klubben. Istaden fekk eg spele siste settet som libero på laurdagen. Skulle gjerne spelt heile kampen. Søndagen fekk eg naturleg nok ikkje spele. Var ganske skuffa over kor lett me vann kampen, hadde forventa meir trøkk mot oss, men dei sleit enormt med mottaket sitt. Alt i alt ei spelemessig ok helg, verken meir eller mindre.
Utanom volleyballen så koste meg og Børge oss på fredagskvelden med julebrus, godteri og 300, som me sovna midt i. Det var latterlig deilig å kunne for ein gongs skuld sove lenge dagen etter. Etter kampen reiste eg heim og slappa av før eg reiste ut til Loddiken og bowla med gotta. Eg var sjølvsagt enormt dyktig i bowling, og hadde på eit tidspunkt 6 strikes på rad. Etter den suksessfulle bowlingen bar det til ei kebabsjappe ein eller annan stad i utkant-Bergen. Kebaben smakte for det meste dressing, men var ganske godt likevel. Når eg kom heim, spelte eg WoW til klokka 03.00, noko som var litt upraktisk ettersom eg skulle på morgontrening 09.30. Heldigvis gjekk det bra denne gongen. Ettermiddagen gjekk med til å slappe av og sjå handballfinalen før eg køyrde heimover i mors strøkne Toyota. Til slutt enda eg opp her, der eg no gruar meg hinsides til å stå innforjævlig tidlig opp å gå på eit særdeles lite motiverande arbeid.

Heldigvis er det berre ei veke igjen. Då vert det nerding, eting, og fyllesjuka heilt til over nyttår.

søndag 7. desember 2008

Ei brukbar veke

Det har som tittelen seier vore ei brukbar veke. Den starta kl 0700 på Harding, noko som var ekstremt uvant, då eg har pleidd å stå opp tidligst 0900 gjennom heile hausten. På arbeid har det vore sånn passe mykje å gjere, og jo meir det er å gjere, jo betre er det. På den måten går tida fortare. Klokka tre går eg heim og er glad, men trøytt. Dette har eg gjort måndag til fredag. Etter arbeid har eg først sove, sidan eg vert avsindig trøytt av å stå opp tidleg, og deretter reist på trening, enten i byn eller i Øystese. Det er slitsomt å reise, men det ser såpass lovande ut på begge treningar for både lagets og min eigen del at det går fint. Eg trente fire av dei fem dagane, unnataket var onsdag, då eg var hjå mor mi og bakte sjakkruter, den beste jolekjeksen som finst. Kombinert med ein iskald Hansa Julebrus kom jolestemningen fykande. Likevel var det ting som var meir kjekt og spanande enn jolebrus og sjakkruter denne veka, og det var rankingturneringa i Haukelandshallen i helga. Den endte med ein 5.plass, som var ei forbetring med to plassar frå sist. Me gjekk på eit ekstremt surt tap i kvartfinalen mot eit bra Austevoll-lag. Dagen etter slo me gamlingane frå Åsheim samt studentane frå Bergen, BSI. Det viktigaste med helga var likevel at spelegleda var tilbake. Tidlegare har det rett og slett ikkje vore kjekt å spele for Rossvoll. Etter lengre diskusjonar internt har me funne ei fast oppstilling som me vil satse på og me fekk verkeleg betalt for det. Masse godt spel og fantastisk stemning i laget får meg til å gle meg til neste trening med laget. Eg sit her med ei god kjensle, rett og slett!

Likevel er det noko som murrar under den glade overflata, og det er at eg skal på jobb om 10 timar. Eg gruar meg til å jobbe denne veka. Eg vil helst sitte heime og spele WoW. Men eg treng verkeleg pengane. Og heldigvis har eg noko å sjå fram til, nemleg dei tre elitekampane eg skal vere med Nyborg å spele neste helg. Då blir det hammer time.

mandag 24. november 2008

Bursdag

Då var både helga og bursdagen min over. Helga blei prega av at me spelte elendig og tapte kampen mot Koll 2-3. Koll var flinke, men me føler me ga dei sigeren for lett. Dette kom på toppen av ein fryktelig kjedelig dag i Øystesehallen. Forhåpentligvis klarar me å rette på ting til borteoppgjeret mot Nyborg kommande laurdag.
Det vart likevel ein siger i helga, den kom på søndag for Nyborg mot BK Tromsø. Det var vel noko dei fleste forventa, men eg vart likevel overraska over kor svake BKT var. Ein enorm mengde feil og svak blokk fekk meg til å lure på om dei høyrer til i eliteserien. Likevel var det gjevt å få komme innpå i andre sett og ta nokre mottak. Desverre fekk eg ikkje spele meir enn det, noko som skuffa meg ein god del. Jaja. Gjevare var det at Børge fekk blokka inn eit poeng og deretter serve esseeeeh på matchballen! Endå gjevare var det at eg vart kreditert begge poenga på poengliga.no.

Det har ikkje vore lett å merke at det har vore bursdagen min idag. Eg innvilga meg sjølv litt ekstra svevn før eg sette meg i kantina på HF og vart der heilt til eg skulle på trening. Ei koseleg stund med Edita og Eirik (skal ikkje mistolkast). På treninga briljerte eg som oppleggar og griseblokka Morten som vanleg. Etter dette vart eg "lovt" speletid som framspelar mot TVN av Ivar. Eventuelt maste eg meg til det.

Når eg returnerte til der eg sit godt planta no, sofaen, var eg spent på å sjå kor mange sjeler som hadde brydd seg nok til å skrive ei helsing på wallen min på Facebook. Det kom nesten tårer i augo mine når eg hadde 63 notifications. Eg har altså framleis venner. Det er koseleg.

fredag 21. november 2008

Travelt

Det er mykje som skal skje no i tida framover. Først og fremst skal eg spele kamp i helga, mot Koll i Øystese seinare i dag laurdag. Så skal eg stå i oppvarmingsboksen for Nyborg mot Tromsø på søndag. Det kan bli kjekt det, ilag med Børge.

Så, etter helga, ventar to dagar med intens pugging på transcription, intonation, allophones, phoneme labels, sentence analysis, verb phrases, it/there, relative pronouns og anna lett, morosamt pensum. Det skal altså puggast til eksamen. Og ikkje nok med det, når eg er ferdig med eksamen på onsdag ventar Emerson, Thoreau, Dickinson og Whitman med vener på meg i litteratursamlinga frå helvete, Norton Antology.

Forhåpentligvis endar veka lukkeleg med to vellukka eksamenar, slik at eg kan drikke altfor mykje øl med god samvit etter kampen mot Nyborg i 1.div neste helg. Forhåpentlegvis er eg då også i stand til å møte på Harding på mandagen etter det, noko som markerer starten på ein arbeidsperiode som varer heilt fram til jul.

Sidan de sannsynlegvis mista interessa etter oppramsinga av det eg skal lese på eksamen, skal eg fri dykk frå smerten no. Gå og gjer noko fornuftig i staden for å lese denne bloggen, som denne gongen vert skrive på utelukkande fordi eg ikkje har tilgong til WoW for augneblinken.

lørdag 15. november 2008

Frihelg

I helga har eg frihelg. Gårsdagen tilbrakte eg for det meste hos Edita, som diska opp med pastasalat, noko som smakte fortreffeleg. Takk! Deretter bar det på trening, før eg for opp til Nadia på vors før byn venta. Det var ikkje den beste byturen eg har vore med på, men ølet eg drakk smakte faktisk like bra som pastasalaten til Edita. Etter relativt mykje søvn, sto eg opp og for seinare til Stemmemyren for å sjå på Janne og dei spele mot BSI. Ein kjekk kamp. Så såg eg siste halvtimen av United-Stoke, før eg no har komt meg opp her og prøver å motivere meg til å lage noko mat. Ikkje umulig at eg blir sittande i sofaen ei god stund til. Og oppvasken blir iallfall ikkje tatt. Og ja, det er stort sett samme oppvask som sist eg nevnte den det gjeld.
Bleh.

tirsdag 4. november 2008

Election Night

Oioioi, no er det val i USA. Kroppen sitrar av spenning. Korleis skal dette gå?
Okei då. Eg verken forstår eller bryr meg om valget i USA. Eg må vel nesten sei at eg heiar på Barack Obama, på grunn av "Barack My World" t-skjorta, samt at han er svart. Eg heiar ikkje nødvendigvis på han berre fordi han er svart, men det har seg sånn at ein av dei kulaste negrane eg veit om også var president, i 24. David Palmer er i nærheten av pallen på lista over kulaste tv-karakterar. Uansett, eg skal ikkje grine dersom Obama går på ein smell. No sit eg oppe og føl med på korleis valet går.

Men oi, no kom eg på noko.
1. Eg bryr meg fint lite.
2. Eg treng svevn.

God natt.

søndag 2. november 2008

Ny veke i møte

Jau, då var det søndagskveld (natt, eigentleg), og eg er som alltid topp motivert til å gå på skulen i morgon. Eg har fått lada opp batteria denne helga, for eg har nesten ikkje gjort nokon ting. Dei 6 kampane eg spelte, samt tur/retur Drammen med tog, har ikkje tæra på kreftene, det har snarare gitt meg ekstra krutt til kvardagen. Eg gler meg til å jobbe med oppgåva denne veka, som eg har komt VELDIG godt i gong med, som skal vere ferdig til fredag. Eg gler meg og til eksamen, som eg har lest veldig masse til. Det blir skikkelig trist når eg i desember vender nasen heimover til Ølve for å jobbe, tene pengar og ete masse gratis mat og kose meg føre dataskjermen i timesvis. No gler eg meg, og tel ned timane, til eg skal høyre ei hippie-dame snakke om postmodernisme i to timar. Det blir og fryktelig kjekt å ta oppvasken etterpå.

Og ja. Du har rett. Alt eg har skreve i dette blogginnlegget er ironi. Dette blir ei innihelvettes tung veke.

mandag 27. oktober 2008

NM

I helga var det Norgesrunden, altså cup. På laurdagen spelte me mot Trio og BSI om retten til å spele mot Nyborg i "åttandedelsfinalen". Me vann begge kampane 3-1 utan å anstrenge oss for mykje. Dagen etterpå venta derfor Nyborg sitt elitelag på andre sida i Stemmemyren. Me tapte 0-3, men spelte veldig bra, iallfall dei to første setta. Det siste vart litt stygt, men det gjer ingenting. Det var ein kjekk kamp. Kjekt å spele mot dei eg trenar med. No er det igjen tysdag. Kjedelig å gå på skulen. Eg gler meg stort til å reise til Lier på fredag for å spele rankingturnering. Eg gler meg og stort til neste helg eg har fri. Då skal eg drikke meg sanselaust full.

tirsdag 21. oktober 2008

Helg i Øystese

I helga var eg for det meste i Øystese. Eg reiste inn der på laurdags ettermiddag for å spele for Rossvoll mot ToppVolley. Den kampen vann me greit 3-0 utan å ta ut vårt beste. Etter kampen reiste eg heim til Børge og fekk ein dusj og god mat (sjølv om Børge meinte det var råtamat). Etterpå herja me i volleyballspelet hans, der me som Brasil tapte ein jamn kamp med stormakta Luxembourg. Etter det fekk endelig Børge sjå The Illusionist som han har mast om dei siste vekene. Trass i dei enorme forventningane var ikkje filmen skuffande. Deretter la me oss.
Dagen etter venta ein fint lite innhaldsrik dag i hallen i Øystese, som sekretariat-dude. Kjedelig. Etter det reiste eg til byn og sprang på Stadion for å sjå Brann-Stabæk. Det vart ein frustrerande kamp med ein retardert dommar og ein pinglete liten brasilianar som hovudingrediensar. Eg har nok ikkje vore så hissig på kamp på nokre år. Me tapte iallfall 1-2, noko som ikkje var fortent mot 14 mann.
I dag er det tysdag og det har vore nokre tunge dagar med kjedelig skule og lite søvn (som vanleg). Men no er det MacGyver og då ordnar alt seg.

mandag 13. oktober 2008

Helg i Osjlo

Det gjekk nok ein gong dårleg for oss i helga. Me tapte 3-1 begge kampane. Den første spelte me elendig og burde ha vunne, den andre var motstanderen litt for god. Men, me gler oss til å banke barnehagebarna frå ToppVolley neste helg.

Sidan volleyballen var så kjip vil eg heller fortelje om helga utanom som var ein mykje større suksess. Me køyrde frå Øystese fredag ettermiddag, og det blei ein håplaust langdryg tur. Berre Kristian Valen og Burt Reynolds, samt Metallica og Placebo og litt bensinstasjonmat redda meg frå kjedelighetsavgrunnen. Når me kom fram var det eigentleg berre til å legge seg. Eg sov omlag 2 timar. På laurdagskvelden rånte me gjennom Oslo til fots ei stund for å finne ein god stad å ete. Dette gjorde me i sikkert ein time før me fann ut at McDonald's var det beste alternativet. Det er ikkje feil å sei at me kasta vekk ein del tid. Etter det kjernesunne måltidet fann me ut at me ville gå på kino. Filmtilbodet er for tida råtent, derfor fell valget på den einaste filmen som såg ut som den var underhaldande på ein laurdagskveld, Fritt Vilt II. Trass i Børge og Erlend si enorme frykt for skrekkfilmar. Filmen var grei nok, mange fine "er-det-nokon-der-eller-er-det-berre-ein-søt-liten-gut"-augneblink. Behaldningen og den store underhaldningen sto likevel dei 14-60 år gamle kvinnelege sjåarane for. Det var stort sett dei som fekk meg skremt, ikkje filmen. Når sjokket hadde lagt seg og øyrene mine fungerte normalt igjen etter hylinga var det ganske morosamt å tenke på. Ansiktsuttrykket til Børge, godt skjult av gensaren han holdt føre fjeset, var og verdt dei 90 kronene.
Etter filmen gjekk me heim og la oss. Eit vorspiel på andre sida av gata heldt meg våken til omlag 3-4 på natta. Morgonen etter var det såvidt me på 507 fekk kara oss ut av dørene på grunn av at me såg You Don't Mess With The Zohan. Den var ein sånn film som du er flau over å le masse av. Så reiste me og spelte kamp, deretter venta ein lang heimtur.
På heimturen vart store hemmelighetar avslørte. Dei aller fleste omhandla Erlend Mæland. Og det var jævla morosamt.

Det vart avslørt at nokre jenter har utført seksuelle handlingar på Erlend på trening. Dette har eg fått frå sikre kjelder innad i volleyballmiljøet i Øystese. Eg skal ikkje avsløre heilt kva jentene heiter, men eg kan avsløre at den eine byrjar på M og sluttar på aren Myrvang, og at den andre har van Hoek til etternamn. Dette skriv eg eigentleg berre for å plage Erlend. For no skal eg be Børge vise denne bloggen til alle i Øystese.

torsdag 9. oktober 2008

Spanande helg

Til helga ventar som skreve tidlegare Koll og OSI i Kringsjåhallen og i Domusa.
Det vert spanande å sjå om me kan reise oss etter den elendige kampen i Øystese sist. Det vert uansett ein kjekk tur. Eg skal få Børge til å skrive referat etter kampane. Eg skal iallfall prøve.
Sjølv er eg no nesten 100% etter strekken som har hemma meg dei siste vekene. Det er kjekt å kunne yte maks igjen.

Knusing

Dette kjem litt seint, men eg spelte i helga littegrann for Nyborg mot Kristiansund. Eg fekk ein serve og nokre rotasjonar bak. Hurra. Greit å få debutere, men det var litt kjedelig at motstanden var så dårleg. Kristiansund hadde vel ein mottaksprosent på rundt 20% perfekt, noko som i elitevolleyball er skammeleg dårleg. Det mest skremmande er at dei får relativt mange poeng på angrepsfeil frå oss! Eg trur fort 1.divisjonslaget kunne gitt det KVBK-laget god motstand. Samme det. Neste elitekamp er mot Førde heime i Stemmemyren. Eg håpar på speletid, men forventar ingenting. Det viktigaste er at Rubix ikkje får slå inn noko.

lørdag 4. oktober 2008

Åt helvete

Det gjekk elendig i dag. Me tapte 1-3 etter å ha spelt 3 og eit halvt dårleg sett.
Me gjer for mykje feil og er for upresise, derfor klarar me sjelden bryte serven til Austevoll, og når me blokkar og angriper med litt vel stor feilmargin så vert det vanskeleg å vinne volleyballkampar. Det var positive ting å ta med seg, men dei giddar eg ikkje bry meg med. No skal me forsøke å trene på dei tinga me ikkje var så gode på i dag, og så spele betre mot Koll og OSI i Oslo neste helg. Det er me nødd til.

Kamp

I dag spelar me mot Austevoll i Øystese. Kampen går kl 1530, og eg forventar at alle som les bloggen stiller opp med andletsmaling og duskar. For dei som ikkje let seg friste, kan de lese eit lite referat som eg har tenkt å få Børge til å skrive etter kampen.

onsdag 1. oktober 2008

Skada på ordentlig?

No har eg i mange år klagd over vondtar rundt om på kroppen som eigentleg ikkje er så alvorleg.
Alltid vondt, aldri skada, er mottoet mitt sånn sett. No i dag når eg våkna kan kanskje den situasjonen endra seg. Eg klarte omtrent ikkje å stå opp. Lurer på om det er ein aldri så liten betennelse i lysken. No sit eg åleine i leilegheita og knaskar Ibux mens eg ser på ein tv-skjerm med kun snø på (gjett om eg har gløymt å skaffe meg RiksTv) og håpar at alt går over til helga.

Men det gjer det nok ikkje.

mandag 29. september 2008

Siger

Me spelte første kampen vår i 1.divisjon i helga. Det var BSI som kom på besøk.
Det hadde vore halldag før på dagen, og det var derfor relativt tett befolka på tribunen, noko som var kjekt. Det var nok alle tilskodarane som skremte BSI til å spele dårleg. Det kan ein skjøne, då BSI aldri har sett så mange tilskodarar før.
Sjølve kampen var heilt elendig. Første settet er prega av nervøsitet, og me får ikkje spelet godt nok til. Det er litt som må rettast må i samspelet i forhold til oppleggjar. Likevel, etter 3 ganske svake sett klarte me å dra heim sigeren, like mykje takka vere BSI sin svakhet som vår dyktighet. I tillegg fekk me litt hjelp frå dommarane, som gjorde ein skuffande dårleg jobb. Det virka som om Jogeir vart litt sett ut av kampen av det.
Det som var dumt med sigeren, var at på grunn av rot med kva klubb me speler som, kontrakter osv. kunne ikkje spelarar som Gaute, Jon Asle og Bert få speletid på grunn av at dei hadde ikkje løyve. Veldig synd, men eg trur alle forsto kor vanskeleg det mongoloide forbundet hadde gjort det for oss (les: David Cox).
Me får håpe dei kjem sterkare tilbake når dei har lov å spele. No ser eg fram mot helga, der eg håpar på speletid for Nyborg mot Kristiansund. Pass deg, Lamberg!

fredag 26. september 2008

MSN Space

Eg kom over det gamle MSN- spacet mitt i kveld.
Eg fann ut at eg hadde faktisk blogga litt på mine yngre dagar.
Fann ut at eg ville publisere desse innlegga opp att, for å vise verda kor utakknemlig og bedriten eg var (og er, strengt tatt).
Nedover finn du altså fem innlegg som er rundt tre år gamle. Nyt dei, og så star du fritt til å kommentere og gjere hensynslaust narr etterpå. Eg unnar dykk alle det.

Nok ein tåpeleg blogg som blei gjort når eg eigentleg burde sove

Til alle dei drøyt ti personane som besøker spacet mitt årleg, takk for besøket, sjølv om eg etter alt sannsyn drit i dykk.
Eg skal ikkje skrive nokon lang stil, det trur eg det berre er Hild som gidd lide seg gjennom. Og emoar. (Fordi dei vil lide, for dei som ikkje tok den med ein gong)
Uansett er det ein del ting eg treng å få sagt. Eller, dersom eg presiserer det, ein del ting eg treng å få sagt at eg hatar.
- Byggfag-gutane i Arna. Kvifor? Dei er ekstremt irriterande, mykje høgare enn meg og høyres konstant ut som aper på speed. Eller Cola. Wh'evvah.
- Gymklassen min, fortrinnvis TFF-gruppa, som har forveksla Gym med Gum, so vel forklarar kvifor dei tygg tyggis i staden for å engasjere seg i timen. Dette kan lett irritere meg, heldigvis slår eg ikkje jenter. Nesten. Eller, nei, eg gjer aldri det.
- Å bli fotografert. Dette står høgt på lista. Åh jøssenavn, dette står kjempehøgt på lista. Eg ser verkeleg jævlig ut på bilete.
- Doddisar. Folk som går med meir gelè i håret kvar dag enn det som blir produsert på Freia, glinsar i regnet med dei vene dobbane sine, kler seg i klede som kan beskrivast med stikkord som lyse, homofile, ekle, stygge, jævlige, fortrinnsvis bukser som ser ut som hunden halvvegs har ete opp i løpetida, beltespenner med tiger- eller pornomotiv som er like store som skoa deira, som forøvrig ALLTID er krittkvite, med ei dongeribukse stappa nedi dei.
Tullingalarmen går snart for meg.
- Feitingar. Er eg slem dersom eg spør feitingar på McDonalds om dei verkeleg har godt av Super Duper Giant Maxi Big Mac, pommes frites- og Nuggetsmenyen dei skal til å hive innpå? Eg syns ikkje det. Folk som tar opp to sete på bussen, to seter på Brann Stadion og som heilt naturleg og praktisk rullar frå A til B i staden for å GÅ, fortjener ikkje noko som helst, iallfall ikkje mat.
- Byfolk som ikkje godtar dialektar. Sjølv om dei gir uttrykk for at dei synest at folk med dialekt er bondeknølar, og at nynorsk er for frittgåande tullebukkar, trur eg nok det er eit fundament av misunning som gjer det. Nynorsk er mykje KULARE enn bokmål, og dei som snakkar dialekt er MEIR UNIK enn drittungar med bergensdialekt. Eg skal vere kjemperask å presisere at dette gjeld laaaangt frå alle bergensarar.
- MSN Space- bloggar. Fy faen no er eg lei av å skrive. Denne tida kunne eg brukt på å skrive artikkel der eg tar opp spørsmålet om Norge er verdas beste land å bu i. Denne kunne eg levert inn til Hild, og Hild hadde blitt glad og sjansen er stor for at eg hadde fått ein respektabel karakter. Men nei. Dumme MSN Space sin bloggfunksjon.
Eg bør sove.
Kan jo avslutte med at Norge blir aldri verdas beste land å bu i dersom eg må leve med Byggfag i Arna, Gymklassen min, Faren for å bli Fotografert, Doddisar, Feitingar og Byfolk som ikkje godtar dialektar.
Slik ER det berre.
PS: Eg hatar og Fet Skrift- funksjonen på MSN Space blogg- tingen.
Über und aus, Satans Eier.

GO TEAM!

Hei og velkommen igjen til " The Time-wasting Bastards' Guide to the Galaxy".
Alle de som leser dette burde egentlig komme seg vekk frå dataen, ut av transen og ut i "sola og brune seg".
Dette er kun noko eg skriv for å kaste vekk tid seint på natta, det skal vere sagt.GO TEAM!
Så, dersom de skriv ein kommentar og eg ikkje gjer teikn til å bry meg ein døyt, så står de fritt til å ta dykk nær av det. Den siste tida har eg brydd meg mindre og mindre om eg gjer folk sure eller såra. Grunnen til dette er at eg stort sett har vært samanhengande sur den siste tidsperioden, kanskje med enkelte avbrudd nokon mandagar etter at Brann har vunne. GO TEAM!
Eg frydar meg dersom nokon gjer teikn til å vere like sure som meg. Men då frydar eg meg jo, og då er jo dei surare enn meg (...) Etter litt gjennomtenking kjem eg fram til at det uansett er eg som profitterer på det, derfor gjer eg ein god faen, sidan det er meg som er viktig her og i alle samanhengar.
Eg har og merka meg ein del småting som fører til at eg gjer uhøflige/unormale ting i drittsinne.
For eksempel alle dei jævlig blide folka no for tida. Folk som kjem inn i eit klasserom og roper god morgen når eg ligg på pulten, halvveis i søvne, halvveis i tankar om korleis eg skal ta livet av læraren som skal inn og ha time med oss. Alle blide, heslige folka med kjærestar, ferdige arbeidsrapportar og ein anstendig døgnrytme. Eg skal avskaffe alle når eg får den makta eg fortener. Bwahaha. GOOO TEAM!
Kø. Kvifor? Eg fattar ikkje at det ikkje er slik at den sterkaste personen får stå først i køen. Så dersom ei gammal dame står framst i køen med 300 varer på rullebandet og ein 19- årig bolis frå Nord-Troms som heiter Hugo Petter står bak og vil kjøpe donald-kjeks, så syns eg at Hugo Petter burde hatt rett til å lempe den gamle dama bak i køen, helst så smertefullt at ho også får plass bakerst i operasjonskøen på Haukeland Sjukehus.
Grunnen til denne brutale, litt umoralsk og usaklige påstanden er følgjande situasjon som hende irl (in real life) for ikkje så lenge sidan, då eg sto bak ei gammal dame i køen som pratte med kassadama. Eg skulle nå ein buss.
"Det blir 1585,50 kroner, takk"
"Å kjeeeere folkj, no e da gale, HØØØHØØØØØØ, e so dyrt no for tio!"
"Men eg ska no sjå om eg har litt smått å bli kvitt! Her ja! Ein, to, tolv, her va da ein tiøring og, går da no te dags da?
"nei, dei eksistere ikkje lenger"
"jo, dei gjere jo da, eg har an jo i neven, HØØØØHØØØØ.."
"hehe"
På dette tidspunktet har eg to minutt til bussen, og enn kor snill eg høyrest ut, så var eg framleis berre på randen til å dytte ho og la ho brekke lårhalsen. Eg er iallfall godhjarta.
"34, ja, då får me sjå ka me har i lappalommo då! Nei, der va da ingenting, då må eg vel ta da på kortet då"
"ja"
"hmm, ka va no koden igjen? hmmmm, e so bale med dessa nymotens greiene, syns ikkje du og?
"ja, det er kanskje det"
"ja, no huska eg den. kan eg ta ut 500 kroner ved sida av?"
"ja"
Og etter kassadama har tasta inn dei 500 kronene, GJETT KA SOM SKJER:
"nei, vent, trur eg vil ta ut 1000 istadenfor eg!"
"okey"
Det er då eg brått skiftar kroppstemperatur og kroppsfarge. Begge skiftar til ildraud. Eg gestikulerer tydeleg for meg sjølv og riv meg relativt hardt i håret, og kviskrar til meg sjølv at eg vil dø her, no, av ein 200 kilos ambolt som er tilfeldigvis hengt opp i anledning butikkens billigsal på tunge amboltar. men gud kan sjølvsagt ikkje vere nådig.
"sånn! da va vel alt"
Kassadama tørkar svetta.
Eg bruker drøyt 4 sekund på å betale det eg skuldar ho for kjekspakken min.
Eg spring som faen til bussen og gjer samtidig den gamle dama eit blikk som best kan beskrivast so eit forsøk på å gje ho dødelig hjerteattakk, lungebetennelse og skeive barnebarn på ein gong. Eg rekk såvidt bussen, men er sur resten av dagen.
KOFFOR!?
Den siste tingen eg har irritert meg over var designet på spekeskinkepakkane frå coop. Skulle opne ein pakke ein dag og oppdaga til min store fortvilelse at dette var faen meg vanskelig. Pakken var laga uten sånn hank til å rive open. Eg blei sintare og sintare. Og sintare. Til slutt var det ei saks som fiksa biffen. Eller spekeskinka. Eg måtte klippe I SPEKESKINKA for å opne pakken. Dette inviterte til usaklig debatt med sterke ønsker involvert, synest eg. Eller, som ein og kan dei, eg blei dritforbanna.
Den personen som designa skinkepakningane til Gilde skal dø. Sakte og veldig, veldig smertefullt. Korleis mannen har fått for seg at folk uten negler skal opne pakken veit eg ikkje. Men ein ting veit eg.
Eg skal oppsøke den mannen, helse fint, suge ut augene hans, bruke dei som øyreproppar for å sperre ute skrika hans når eg dunkar hovudet mitt taktfast i hans - til det berre er suppe igjen av den såkalla hjernemassa hans. Så skal eg spytte på restane av han og rope: "Piss midget"
Og så skal eg designe skinkepakken sjølv.
Då skal eg bli fornødd, og aldri blogge her på dette teite spacet igjen.
Adios.

Trondheim

Hola!
Føreg prakke dritten min på dåke, så vil eg bruka eit sitat frå zee geniousness, Black Books:
"It is dreadful, but quite short"
Reporting to you live from Trondheim!
Å æ høre hjæmmæ i bairtelainn i bairtelainni bartelainn...
Currently ligg eg og skriv denne fantastiske bloggen som sikkert blir lest av drøyt to menneske i ei gjesteseng i Trondheim, eller Mordor som mange (meg) har valgt å døype byen. Eg skriv på brodern sin pc, som har eit relativt slitsomt amerikansk tastatur, og eg har eigentleg ikkje så mykje eg skal sei, berre eit litt pinleg forsøk på å skape blest rundt eigen person og for å få kommentarar på msn. "No har eg zett bloggen din puz, har isje sett på maken, den va sjikkeli morsom!".
Brann innebar atm (at the moment, for dei tullebukkane som ikkje kan 1337) tabelltoppen, og det inneber jo sjølvsagt happy days, men bekymringane tårnar seg opp på skulen. Isje. Eg slit med motivasjonen til nåke som helst anna enn å plage Jorid, vere på blink og å sextrakassere iben.
Eg utlyser derfor ut dusør til den som finn motivasjonen og fornuften min. Den som klarar dette skal få ein stor leiving på kjeften. (Ingen veit kva ein leiving er utan eg, derfor blir det ekstra spennande å overraske den som klarar det.) Uansett, lykke til. Det einaste tipset eg vil gi vekk i denne leitinga, er eit tips til Jorid. DET DU LEITAR ETTER FINN DU IIKKJE PÅ GOOGLE!
Vidare vil eg etterlyse eit relativt stort antal menneske som finst i kontaktlista mi på msn. dei provoserer meg med å skrive nick som er lengre enn skjermbreddasom til dømes:
|| (L) Anette Alexandra (L) - (K) (L) || (L)VoLlEyBaLl(L) | Chris e best i verden (L) Elsker han for alltid over alt på jor!!:)(L)(K)
SLUTT MED DET, ellers så må eg BEKLAGELIGVIS komme og skade dåke. OG eg kjem ikkje til å angre. gah.
Vidare kan eg nemne at Tone/engelsk æraren vår er ein skikkeleg snørrgauk i trynet. Eg har bytta ut ordet smerte og bytta det ut med "Tone" på grunnlag av at ho er så plagsom at ein makk hadde blitt lei etter 5 min.
Samtidig så må eg få nemne at Hild har skjerpa seg. Ho gjer timane så spanande at eg nesten opnar boka no. Det er sterkt etter mitt grunnlag.
Men Ottar er framleis litt teit. Og Siv er litt grei. Godtruande til tusen. Sporty at ho ikkje blei sur på meg for at eg pælma den litt harde pappballen i bakhovudet hennar. Det verste var at eg sikta. Iallfall ubevisst.
Having mentioned all this shit, så vil eg gjerne avslutte med eir sitat frå tidenes britiske humorserie, Black Books.
"You are giving me a lot of secondary smoke now"
"Oh, do not worry about it, you can buy me a drink sometime."
og eit til, sidan eg er litt i det anti-give-away-ishe hjørna:
"Do you know that in Tibet when they want something, they give something away"
"Do they? That must be why they are such a dominant global power".
Adios og på gjennblogg (teit men fuck all)

Skule igjen..

Då va vinterferien øve!

Ei veka med deilig, avslappande ferie, der eg har trent litt forskjellig, stått i skitrekk og ellers drete i å løfta ein fing er komen til ein ende.
På skulen har me bjynta lovande med to nye utdelte oppgåver , eit filmprosjekt og ein fotooppgåve, to oppgåver som eg har "god" tru på at me skal klare. Jadda.
Eg er eigentleg ein tulling av dei sjeldne som sit og skriv ein dårleg blogg på eit dårleg MSN Space, istadenfor å gjere det eg bør, nemleg å skrive ein reklameanalyse av ein idiotisk reklame med særs dårlege teikningar. Dessutan burde eg også skrive på filmanmeldelsen min, som eg ikkje har gjort ein dritt på når eg har hatt sjansen.
Sit og gledar meg inst til helga, då me på 2.divisjonslaget til Strand-Ulv skal banke østlandspuddingane frå Handelshøgskulen. Med tanke på at laget spelar som fjortis-aper i sterk pillerus, og har kallenavnet Circus NNHI innad i volleyballmiljøet, burde alt gå grett for oss. Vinn me den særs "vanskelege" kampen, vinn me 2.divisjon og er klare for kvalik til 1.divisjon.
Huzzah!
Klokka nærmar seg kvart på ti, og eg e allereie klar for senga. (Nei, ikkje på koffertmåten) Med tanke på at eg både på søndag og måndag blei sitjande oppe til klokka var halv 3, første kvelden for å spele poker på nettet, andre kvelden for å laste ned alle måla som United har scora i år OG for å spela poker.
Eg presterte å sovna i naturfagtimen med Jone, den litt vel feminine læraren. Eg våkna fort når han slo meg, eller som han sikkert ville sagt det sjølv, daska meg, med linjalen sin (Nei, Hanne, ikkje sånn linjal. Berre forsikrar meg) Dagen etter forsvann eg inn i djup søvn under visninga av ein ikkje altfor engasjerande film om ein fotograf som prøvde å slå seg opp i næringa i London.
Bestemmer meg derfor for å slutte å skrive no, og gå å legge meg. Den avgjerda vil eg nok halde fast på i minst 20 sekund, før eg seier som eg pleier: "neeeh, sitta oppe"
Anyway, ha da kjekt med da dåke måtte finna på!
Keep the red flag flying high!

Oi, e da blog her og?

Jaijah!
Må vel nett skriva nåke ord i bloggen, sånn at da ikkje ser so tomt ut her.
Kan jo blogga litt om livet no fortio.
Bur jo på hyyybel eg no då, da e forsovidt da goa liv, men når eg no snart kjeme i Guiness rekordbok for høgaste oppvaskstabel, kan da vera litt slitsomt.
Snart må eg vel støvsuga støvsugaren og, so lenge so den har stått å støva ner, i likhet med resten av leilegheito.
Vaskekosten bjynne å bli støvete og, nåken spanjola eller polakka i nærleiken som ha lyst å vaska for meg? te gjengjeld ska dei få PENGA. MINST 20 zloty!
Koffor ska sånne som George Bush, Tony Blair og Jaques Giraff eller ka no han dare presidenten i Frankrike heite ha so mykje makt når du har sånne folk som meg!?
Eg har jo strengt tatt rett i alt! Og so e eg snill, men samtidig har eg lyst å utrydda sånne litt sinte muslimske fundamentalistar, sånn som alle andre utenom dei sjøl.
Hadde eg blitt verdensdiktator så hadde verden blitt ein bedre plass! Og viss Nadia Nygård, min KJÆRE forlovede, hadde blitt med meg, hadde me holdt styr på alle og herska med stødig hånd!
Me hadde utrydda køkulturen, gamle damer som på død og liv skal betale i smått, folk som likar musikk me ikkje likar, bokmål, dei som drep meg i counter strike, dei som har lyst å drepe meg i RL (Real Life), John Arne Riise m/vennar, dårlege fotballdommarar og ikkje minst folk med animasjonar i staden for bokstavar på MSN!! DIE! grrr!

tirsdag 23. september 2008

Klokkeslett

No slit eg alvorleg med å skrive oppgåve.
Derfor skriv eg på blogg. Eg ville berre gjere lesarmassene der ute oppmerksame på at klokkesletta som står under innlegga ikkje er reelle. Eg legge meg ofte seint, og står opp tidleg, men alvorleg talt. Ikkje ein gong eg sit og skriv blogg 04.32 om morgonen.

Ikkje volleyball?

I dag fekk eg nokre klager på at eg skreiv om volleyball og sånt. Så no skal eg skrive noko som ikkje handlar om volleyball. Det er ikkje umogleg at det blir den einaste gongen eg gjer det, fordi eg likar best å skrive om volleyball. Men men.

I dag kjem Hanne heim. Det blir kjempekjekt, for det er lenge sidan eg har sett ho no. Eg gler meg veldig. Eg må skrive engelskoppgåva fort som faen. Og så må eg rydde i leiligheita. Det stressar meg litt, men alt blir bra når det er ferdig. Eg trur og eg bryggar på ein forkjølelse, noko som passar meg skikkeleg dårleg. Eg håper det ordnar seg.

Det var i grunnen alt eg klarte å skrive som ikkje handla om volleyball.

mandag 22. september 2008

Opningsturnering 08, M2

M2- klassen vart spelt på laurdagen. På Hardanger 1 spelte Børgis, Eilev, Ingvald, Tasle, Perik, Melandez, Måge. På Hardanger 2 spelte Gauten, Torbjørn, Gjermund, masekoppen, Jarand, Alvheim jr., meg sjølv og Daniel.

Eg har igrunnen ikkje peiling på kor godt Hardanger 1 spelte, men dei vann iallfall mot BSI 2 og Framnes. Deretter venta Askøy i kvartfinalen, som dei og slo.

Hardanger 2 kjempa seg til ein siger over eit Team Spirit med fem 4H- spelarar med bermudashortsar og innefotballsko. Svært imponerande. Etterpå slo me noko som kan ha vore U19- laget til Førde. Me slo dei greit, men dei kjem nok til å gjere det enormt bra i årets U19-NM, som i fjor. Vidare venta Framnes i ein lite god kamp me vant utan å anstrenge oss noko særleg.

Så møttest dei to Hardanger-laga i noko som må beteiknast som ein dritande dårleg kamp. Etter tre sett der 90% av poenga kjem på motstandarfeil, kan 2-arlaget til slutt strekke henda i veret og juble for finaleplass. Der venta Nyborg, med fyrtårnet Christer Lamberg på plass på kant. Me var veldig nervøse på forhånd når me såg hamringa hans på nettoppvarminga.
I førstesettet har me grei kontroll, og side-outen fungerer fint. Me held unna for ein sluttspurt og vinn 25-23. I andre settet ledar Nyborg heilt fram til omlag 20 poeng, når me set inn sluttspurten. Sjølv om Nyborg legg 100% på kant til den frykta Lamberg, klarar me til slutt å ta heim settet, sigeren, førsteplassen og premiepengane med 27-25. No var det dritseint på kvelden, og eg feira sigeren på kino ilag med Børgis, som ikkje var fullt så happy (noko som kom til uttrykk då han sovna på kinoen).

Alt i alt ein rimeleg bra laurdag. Eg fekk også dømt nokre kampar, og fekk "gode" og nødvendige tilbakemeldingar av det populære dommargeniet Kjell Marcussen etterpå. Hadde me ikkje vunne, trur eg kanskje han hadde ødelagt dagen min.

Opningsturnering 08, M1

I helga spelte me frå Strand-Ulv, Rossvoll og Eidfjord saman for første gong i kamp.
I herreklassen (som er det einaste eg bryr meg om) M1, møtte me gode lag både i puljespel og krysspel og det blei vanskeleg å avansere til finalen.

Hardanger 1 såg ut til å slite veldig i mottaksspelet, og måtte tåle litt stygge settsiffer i nokon av kampane. Men eg trur dei klarte å slå Sunnfjord FHS, som i grunnen var ei samling med litt mindre begava solbrune bygutar (utanom Helge). På Hardanger 1 spelte masekoppen, Jarand, Haugen, Perik, Melandez, Måge, Peter (eller Petter som Bård kallar han) og Ingvald.

Hardanger 2 (som eg spelte på) vann mot Sunnfjord i puljespelet, og hang bra med i første settet mot Nyborg veteran. Då spelte me volleyball slik den skal spelast. Dessverre har ruttisane nok inne til å hente settsigeren. Andre settet blir ein nedtur. Kleivis sendte midtspelarane våre ut i pølseboden av og til, og Endre, Håvard og den heimvendte Espen Stensvoll får herje litt for fritt. Når i tillegg Øyvind Takvam får slå inn meir enn ett legg, er ydmykelsen total.

Etterpå møter me Førde og Nyborg i vidare puljespel. I desse to kampane speler me veldig godt og heng godt med i alle sett, men me gjer for mykje feil på overgangar. I tillegg har Førde og Nyborg høg sluggerfaktor i Loftesnes og Siljander, og dei slo som regel inn når det trengtes. Mot Førde er me og uheldig med ei dommaravgjerd på tampen, utan at eg skal vere bitter for det. Det har vore verre før :-) Blir dermed to tap i to relativt jamne kampar. Me har trua på at med litt innkjøring mellom leggarar og angriparar, samt ein god del jobbing med forsvarsposisjonar og forsvarsspel, kan laget halde meir enn bra nok førstedivisjonsnivå. På dette laget spelte Gauten, Eilev, Børgis, Gjermund, Torbjørn, Lars Eirik, Tasle og meg sjølv.

For min eigen del var det spelemessig heilt OK. Mottaket kunne vore betre i stort sett alle kampar, men når ein møter lulu-lag som Førde og Nyborg så er det vanskeleg å gidde å fokusere :-)

Eg ser fram mot sesongstart neste helg mot BSI. Eg gler meg til å gjere narr av Jogeir fordi me vann.

fredag 12. september 2008

Blogg

No har eg og laga meg ein blogg. Eg veit det er litt i overkant sjølvsikkert å tru at nokon bryr seg om det eg skriv, men eg kan iallfall kose meg med det eg skriv sjølv. Så, kos deg med å lese din eigen blogg, Yngve.