fredag 21. november 2008

Travelt

Det er mykje som skal skje no i tida framover. Først og fremst skal eg spele kamp i helga, mot Koll i Øystese seinare i dag laurdag. Så skal eg stå i oppvarmingsboksen for Nyborg mot Tromsø på søndag. Det kan bli kjekt det, ilag med Børge.

Så, etter helga, ventar to dagar med intens pugging på transcription, intonation, allophones, phoneme labels, sentence analysis, verb phrases, it/there, relative pronouns og anna lett, morosamt pensum. Det skal altså puggast til eksamen. Og ikkje nok med det, når eg er ferdig med eksamen på onsdag ventar Emerson, Thoreau, Dickinson og Whitman med vener på meg i litteratursamlinga frå helvete, Norton Antology.

Forhåpentligvis endar veka lukkeleg med to vellukka eksamenar, slik at eg kan drikke altfor mykje øl med god samvit etter kampen mot Nyborg i 1.div neste helg. Forhåpentlegvis er eg då også i stand til å møte på Harding på mandagen etter det, noko som markerer starten på ein arbeidsperiode som varer heilt fram til jul.

Sidan de sannsynlegvis mista interessa etter oppramsinga av det eg skal lese på eksamen, skal eg fri dykk frå smerten no. Gå og gjer noko fornuftig i staden for å lese denne bloggen, som denne gongen vert skrive på utelukkande fordi eg ikkje har tilgong til WoW for augneblinken.

Ingen kommentarer: