torsdag 24. desember 2009

What to do?

Då var julafta over for i år. Det har vore ein kjempefin dag. Ikkje for å virke rasistisk, men jula er rett og slett betre når den er kvit. No ventar romjula, med mykje fri og tid til å gjere kva ein vil.

Til romjula har eg sikra meg godt mot kjedsomhet. Eg har nemlig tilgjengelig følgjande:

- True Blood, sesong 1.
- House, sesong 1.
- The Wire, sesong 1 og 2.
- Heroes, sesong 2.
- Family Guy, sesong 3.

Spørsmålet er rett og slett berre kor eg skal byrje, kva eg bør prioritere. Hjelp.

God jul!

I dag er det julafta. Eg ønsker alle ei riktig god jul! :)

lørdag 19. desember 2009

Vinter

Det har komme mykje snø no dei siste dagane. Skikkelig mykje. Snø er koseleg. Eg kjeda meg som vanleg ein god del denne laurdagen, så kva er betre å bruke ein laurdagskveld på enn å kle på seg, gå ut i snøføyka og fotografere og bli skikkelig kald? Ikkje veit eg. Iallfall, så vart det nokre stemningsfulle bilde av det. Dei er ikkje veldig gode, då eg ikkje hadde stativ for handa, men eg gjorde det beste ut av det. Gadd ikkje vere nazi på bildekvalitet, men sette heller fokus på at det skulle gå fort å overføre og laste opp. Sidan det er stress å legge inn mange bilde i eit innlegg med Blogger, legg eg inn eitt og henviser heller til det komplette albumet.

fredag 18. desember 2009

Gøy

I dag har det vore ein gøy dag. Det er fire grunnar til det. Fem, faktisk.

1. Eg klarte Fade to Black på Expert på Guitar Hero: Metallica. Songen er vanskeleg.
2. Eg fekk C på eksamen i INFO100.
3. Eg fekk B på eksamen i MEVI106.
4. Eg var flink og trente styrke i dag.
5. Bror min viste meg eit nytt vanedannande spel. Det heiter Dice Wars og er kjempegøy. Dice Wars kan du spele her.

Poenget med spelet er for øvrig at du krigar om landområde gjennom terningkast. Du får utdelt nokre landområde og eit visst antal terningar til å byrje med, deretter må du bruke hjernen til å vurdere kva landområde som vil vere logisk og strategisk lurt å krige om, og størst sjanse for å vinne.

onsdag 16. desember 2009

Juletid

No er det jul. Eg plar ikkje få julestemninga før eg set i gong med å handle julepresangar. Det kan diskuterast kva eg legg i uttrykket julestemning når eg først får det når stresset byrjar. Uansett har eg altså begynt, eg er faktisk nesten ferdig, og det rekordtidleg. Det skulle kanskje berre mangle, sidan eg ikkje har gjort noko som helst anna enn å gå på trening dei siste drøye tre vekene. I dag gjorde eg for øvrig noko. I dag var eg nemlig på Ricks og såg Are Kalvø oppsummere 2009. Det var morosamt, Are Kalvø er definitivt på pallen når det gjeld komikarar. Satirisk humor med utstrakt bruk av ironi, sarkasme og overdriving er gøy. Ikkje like gøy som ordspel eller gjennomsnittleg like gøy som Lolcats, men likevel.

Men det var faktisk ikkje det einaste eg gjorde i dag. Eg kjøpte også julegåver. Ikkje berre gåver til vener og familie, eg har også kjøpt nokre gåver til meg sjølv. I mangel av eigen PC, har eg kompensert med å unne meg nokre godbitar som skal halde DVD- spelaren varm resten av desember. Eg handla inn sesong 1 av House og True Blood, dessutan ga eg Børge sesong 1 av The Wire. Halve poenget var ærlig talt å få sjå den sjøl under samvitsfullt påskudd av at det var ei gåve. Men ingen kan klage på innsatsen, eg brukte faktisk fleire minutt på å (få den) pakka inn (av ei gåveinnpakke-jente på Bystasjonen). Heldigvis opna Børge den på flekken slik at eg kan ta den med heim til jul! Og jammen ga han meg ikkje ein julepresang også. Han ga meg filmen Gamer. Den satt han og såg på når eg kom heim. Noko seier meg at den guten har eit laust forhold til presangar. Nok om det.

Eg kjøpte i tillegg inn Guitar Hero 5 til PS2'en min. Eg har no GH : 3, 4, 5 og Metallica. Det blir med andre ord nok å gjere på. Skal også prøve å få trent litt styrke, og då skal eg om ikkje anna vere betre enn denne karen:



I morgon skal eg reise heim. Eg skal vere i Ølve til over nyttår, og det kjenner eg at eg gler meg til. Det er like greit å gjere absolutt ingenting heime som å gjere det i byn. Sofaen heime er også marginalt betre å ligge på, så det er berre fryd og gammen med å reise heim. Og det er jo flott deh.

mandag 14. desember 2009

Tidsfordriv

Har du tjue minutt til overs som du ikkje har peiling på kva du skal bruke på?
Her er svaret:

Randaberg - Nyborg

Eg og min kjære sambuar Flotve junior sat og såg på norske volleyballvideoar då eg plutselig kom over ein video som viser ein del ballvekslingar mellom Randaberg og Nyborg frå Randaberghallen tidligare i år. Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur det er ein kar med namn Toru Uesugi som har redigert denne godbiten. Så all kreditt går til han. Burde sikkert spurt om løyve til å legge ut videoen på bloggen, men eg satsar på at fleire visningar er kjekt nok til å rettferdiggjere den skamlause embeddinga.

søndag 13. desember 2009

Sunday, Bloody Sunday

Jau, då var det søndag igjen. Eller, det er teknisk sett måndag, men for meg vil nok måndag likne søndagen når det kjem til innhald, så det spelar ingen rolle. Eg har jo ferie! Eg må seie at søndagar er rimelig kjedelige når eg ikkje har kamp. Ein skikkelig emo-dag.

Etter at eg leverte den siste ex-phil- oppgåva mi 13.59 (fristen var 14.00) på onsdag, er haustsemesteret 2009 offisielt over. Og hjelp, eg slit med å finne på underhaldande ting å gjere på med så mykje tid. Eg kjedar meg såpass om dagane at eg vurderer å kjøpe inn masse pennar slik at eg kan spele "Pen behind the ear" Genialt. Men eg er ikkje heilt der enda.

Av det som har vore nemneverdig i det siste, kjem ein vel ikkje utanom kampen vår mot Førde på laurdag. Me tapte første sett etter bra spel frå Førde, men i dei tre neste viste me kvifor me kjem til å vinne serien. Med god tenning og magisk coaching frå assistenttrenar Janne snudde me kampen totalt og vant greit 3-1. Veldig solid kamp, nok ein gong. Det lovar godt før cupfinalen. Det var også brukbart med liv på tribunen i kampen, med rundt 100 tilskodarar. Forhåpentligvis blir det antalet minst tidobla når cupfinalen går av stabelen i Randaberg!

Kvelden etter kampen blei tilbrakt i Salhus med god drikke og godt lag (i dobbel forstand, eg var på fest med laget mitt, som jo er et godt lag). Me var hos Cato, og dei fleste på laget samt enkelte andre stilige individ var tilstades. Det var ein perfekt kveld, greit å sleppe stresset med å gå på byn. Og jammen kjørte ikkje stipendgutten Kåre meg heimatt også. Flott deh.

No har eg stort sett sete i sofaen min heile søndagen. Eg har ikkje hatt data store deler av dagen, og eg merkar at litt av meg døyr utan nett tilgjengelig. Heldigvis har eg kost meg med snooker på Eurosport, ein finale i UK Championships. Igrunnen ein ganske kjedelig tv-idrett, men med så mykje Internett-laus tid, funka det veldig bra. Har stort sett fått med meg heile sendinga til Eurosport, som varte frå 1900 til 0115. Og nei, eg har ikkje eit liv.

No må eg skynde meg å skrive ferdig, for eg har 9 Dexter-episodar eg må sjå før sesongfinalen for sesong 4 blir tilgjengelig for nedlasting.

onsdag 9. desember 2009

Usedvanleg stygge band

Eg kjedar meg. Eg kom tilfeldigvis over eit albumcover. Albumet heitte Lost in a Dream og vart laga av REO Speedwagon. Det første eg tenkte var at dette bandet var heilt utruleg framifrå stygt. Alle som ein såg dei ut som tractorpulling-entusiastar. Eller Alexander Rybak- fans. Uansett, det fekk meg til å sjå litt vidare etter bilete av stygge band. Og du verda, eg fant, eg fant! Sjå berre her.


Først og fremst var altså REO Speedwagon. Legg spesielt merke til mannen med det drøymande blikket bak til venstre.


Deretter har me 60-talsbandet The Association. Sweet sixties.


Så følgjer ei rekkje svenske danseband. Først ut er Garvis. I dette bandet er alle like stygge. Men min favoritt er nok likevel den kristne seriemordaren oppe til venstre.


Neste på lista er Gert Jonnys (ja, du las riktig). I tillegg til eit stygt bandnamn og ein bekledning som burde vore forbudt verden over, ser kvar og ein av desse karane ut som oppkast. Kudos!


Hick. Ingen betring i bandnamnet, men heldigvis gjennomsnittlig litt mindre stygg gjeng. Desverre øydelegg kjekkasen nede til høgre for resten av gruppa. Fy faen så stygg. Oppe til høgre ser me for øvrig ein ung Bjørn Kjos.


Jan Werners. Typisk dansebandnamn, men ikkje heilt vellukka. Høgdepunkta her må vere mannen til venstre, som gjer eit hederlig forsøk på å ha håret symmetrisk oppe og nede. Den mildt sagt mislykka frisøren til feiten oppe til høgre vekkjer også latter.


Som eit avbrot i alle dansebanda kan me ta ein kikk på denne skjønnheten. Joyce er hennar namn, og ho vart iallfall definitivt ikkje anklaga for å spele på sex på albumcovera sine. Heldigvis.


Siste band ut, Larz Kristerz, skal få kudos for å ta stilen heilt ut. Pluss også for spenstige z'ar på slutten av namnet. Men stort meir er det ikkje å hente for desse skrotingane.


Du skal ikkje sjå bort frå at det vert ei fortsetjing på dette blogginnlegget. Det er framleis mange skjønnhetar frå gløymde tider som ventar på å få kome ut i lyset. Eg har ikkje eingong begynt på glamrock- band.

tirsdag 8. desember 2009

Ringetone-mekking for primitive og dummies

Det er sikkert nokon som kunne hatt interesse av å lage sine eigne ringetonar. Det er begynt å bli ein del år sidan sist eg brukte ein ringetone laga av andre. I dag laga eg meg nokre nye. Eg tenkte det kunne vere fint å dele mi oppskrift på korleis ein gjer dette. Det er litt ulike framgongsmåtar for Mac og PC. Steg 1 og 2 i denne vetle "guiden" er for Mac-brukarar.

1. Enten må du ha eit brukande redigeringsprogram installert (Final Cut e.l) eller så må du ha Parallels på maskina. Parallells er eit program som lar deg køyre Windows på Mac parallelt med Mac'en sitt operativsystem. Har du ikkje dette kan du laste ned trial-versjonen her. Aberet er sjølvsagt at du må registrere deg. Men det er kjapt gjort.

2. Når du har starta Parallels så er det best å skifte visningsmåte. Skift visningsmodus gjennom Dock-ikonet -> View -> Coherence Mode. Dette gjer at du fritt kan skifte mellom dei to operativsystema, og det er oversiktleg og kjekt. Gå ned på Start-menyen i Windows og finn fram Windows Movie Maker.



3. I WMM er det berre å leike seg. Importer songen du vil lage ringetone av ved å trykke på "import audio or music" og finn deretter fram fila. Dra fila ned på tidslinja og klipp vekk det du ikkje vil ha med. Eg gidd ikkje lære folk WMM, det får ein nesten lære seg sjølv. Når du er ferdig, trykk Fil(e) -> Save Movie File. Deretter velger du navn og plassering, blabla.



4. Du vil no ha ringetonen ferdig lagra i WMA- format. Eg veit ikkje korleis det er med kule, nymotens mobiltelefonar, men min er gammal og taklar ikkje WMA- format, som jo er Windows sitt lydformat. Det er derfor lurt å konvertere fila til mp3- format. Derfor må ein bruke eit konverteringsprogram. Eg fann eit enkelt, gratis og kjekt eit her. Vel inne i programmet er det berre å trykke "Add Files" og finne fram filene du vil konvertere.



5. Du har no ringetonen din liggjande i mp3- format på samme stad som WMA- fila. På Mac burde det vere lett å sende fila over til mobilen, Bluetooth er din venn her. Eg giddar ikkje forklare framgangsmåte for dette, alvorleg talt. Nyttar du Windows, kan det vere litt verre. Eg gidd som regel berre gjere dette på Mac. Men dei fleste andre mobilar har vel tilbehøyr som tillet kobling til PC. Eventuelt har kanskje mobilen mulighet for oppkobling til Internett, og då kan ein jo berre sende ein mail til seg sjølv med lydfila som vedlegg og laste den ned på mobilen.

Det er ikkje sikkert nokon bryr seg i det heile tatt om korleis eg lagar ringetonar til mobilen. Men neste gong du høyrer telefonen min ringer, veit du korleis eg skaffa meg akkurat den delen av Smooth Criminal som ringetone. Spørsmål og kommentarar er forresten gøy.
funny pictures of cats with captions

mandag 7. desember 2009

Kreativ og morosam overskrift

Eg er litt usikker på kva eg skal skrive som overskrift, eg er ikkje så god på akkurat det. Det eg veit at eg skal skrive, er at helga blei så vellukka som den kunne ha blitt.

Grunnen til det er ganske enkel. Me slo Tromsø ganske så lett i går, samt at på laurdag så vant United, Chelsea tapte og Liverpool dreit seg ut nok ein gong. Det var altså ikkje så mykje som kunne gå godt eller gale i utgangspunktet, men det som kunne gå bra, gjekk bra.

Det var ein kjekk kamp mot Tromsø i går. Me rota ein god del i første settet, og serva litt enkelt, og tok vel ikkje ledelsen før rundt 21-20. Dei neste setta blei meir komfortable. Då spelte me solid og fokusert volleyball. Samtidig fekk me brukt alle spelarane som var med i troppen. Flott at dei som ikkje speler så masse får spele når me har muligheten til det.

Eg var faktisk den einaste på laget som spelte heile kampen, trass i at eg var småsjuk og knapt sov natta før. Formen til trass, eg gjorde ein god kamp. Ingen spesielt dårlege mottak, eit fåtal greie forsvarsredningar og perfekte gratisballar. Eg blei ikkje spesielt pressa i mottak, fekk generelt få servar på meg (trur eg, eg har sagt det før, men så viser det seg på statistikken at eg har fått mest av alle) men det er likevel viktig å gjere jobben sin.

Denne veka er det jobbing med den avsluttande oppgåva i ex.phil fram til onsdag, deretter har eg rett og slett ikkje peiling kva eg skal finne på fram til jul, bortsett frå å trene. Får prøve å bole meg litt. Men forslag til aktivitetar er velkomne.

fredag 4. desember 2009

Ei tankevekkande natt

Eg sit stort sett oppe til langt på natt kvar einaste natt, sjølv når eg veit eg skal tidleg opp dagen etter. Sjølv når eg skal spele kamp dagen etterpå. Uansett. Det er ikkje fordi eg har så mange viktige ting å gjere, men fordi eg rett og slett ikkje klarer å leggje meg. Eg har prøvd å leggje meg tidleg, men det ender som regel med at eg står opp att fordi eg ikkje får sove. Det er deilig å sitje oppe om nettene. Vanskeleg å forklare. Dei fleste morgonar, trøtt og jævlig, angrar eg på at eg blei sitjande oppe. Frå no av kjem eg ikkje til å angre lenger. Frå no av kjem eg til å ville vere våken døgnet rundt, heile året.

Tidlegare i kveld planla eg nemlig å sjå mange episodar av sesong tre av Dexter. Eg tenkte at før eg begynte med det ville eg sjå gjennom nokre nettaviser først. Eg klikka meg inn på ein artikkel i Bergens Tidende om ei kreftsjuk jente som måtte gi tapt mot sjukdommen. Grunnen til at dette fekk spalteplass, i motsetnad til mange andre som døyr av kreft, var at ho hadde ein blogg der ho skreiv om utviklinga i kreftbehandlinga og hennar tankar kring dette, som vart følgt av svært mange. Eg klikka meg inn på denne bloggen. Då var klokka begynt å nærme seg eitt.

No er klokka nøyaktig fem om morgonen, og eg har eg lest kvart bidige ord Regine Stokke skreiv på bloggen sin. Eg oppfordrar oppriktig dei (sannsynlegvis) få som les bloggen min til å lese iallfall deler av det ho skriv. Eg er utruleg imponert over kor formidabelt godt ei så ung jente skriv. Evna til å setje ord på vanskelege kjensler, samt formuleringsevne og forklaringsevne i forhold til detaljar rundt sjukdommen var ein profesjonell forfattar verdig.

I tillegg til ei fantastisk leseoppleving, får det som er skreve ein til å reflektere. Dersom eg har gløymt å kjøpe brød og må 500 meter til butikken for å gjere det, ville eg mest sannsynleg ha sukka og klaga. Regine Stokke ville i lange periodar under behandlinga av sjukdommen sin ha gitt kva som helst for å i det heile tatt vere i stand til å gå 500 meter. Det får ein til å tenke, gitt! Kjem nok til å få ein flau smak i munnen neste gong eg klagar meg når eg må gå til butikken.

Jøss, dette blei bortimot sentimentalt. Men eg meiner det.

torsdag 3. desember 2009

Priceless

Eg prøver så godt eg kan, men eg klarer ikkje la vere å poste ultramorsomme kattebilete med morosamt tekst til på denne bloggen. Ber om orsaking til alle som hatar det.

funny pictures of cats with captions
funny pictures of cats with captions

onsdag 2. desember 2009

Eget domene plx!

Etter eit semester med Nye Medier på UiB og med det ein del webdesign-relatert, har eg blitt ganske så interessert i webdesign og dets uante moglegheiter. Som eit ledd i å tøyle trangen til å leike meg med dette, vurderer eg å bytte frå blogspot.com til wordpress.com. Kjem nok isåfall også til å punge ut litt ekstra for å få mitt heilt eige domene, på samme måten som den stilige sida til Ole Martin.

Eg veit ikkje heilt kvifor eg gjer det, då eg verken er spesielt flink med webdesign eller skriv frykteleg mykje på bloggen min. Men eg føler wordpress gjer litt større fridom til å setje inn gøyale javascripts og liknande enn blogspot, og generelt er meir egna for folk som vil ha det gøy med html. Det har vel og litt med å gjere at eg skal byrje å programmere så smått i Java til våren.

Men er dette tilfellet, eller tilbyr blogspot.com like gode tilhøve for Javascripts og manuell koderedigering som wordpress? Tell me.

Homosport

Det er mange som sperrar opp augo når eg seier eg driv på med volleyball. "Homo", tenker dei nok dersom dei har lest Pondus og tatt til seg fordommane som lettpåvirkelige, tilbakeståande fjortisar. Dersom alle som likar volleyball er homo, er det nemlig rart at verda har befolkningsvekst i det heile.

Det viser seg nemlig at i ulike undersøkingar er volleyball alltid blant dei fire-fem mest populære sportane i verda, sett frå eit estimert antal utøvarar og interesserte. Volleyball bankar sportar som handball, basketball, golf, og baseball langt ned i parketten. Volleyball er estimert til å ha nærmare ein milliard utøvarar, tilskodarar og interesserte verda over.

Topp 5 lista hos dei fleste kjeldene er forøvrig:

1. Fotball, 3,5 milliardar utøvarar og interesserte
2. Cricket, 3 milliardar utøvarar og interesserte
3. Landhockey, 2 milliardar utøvarar og interesserte (!)
4. Tennis, 1 milliard utøvarar og interesserte
5. Volleyball, 900 millionar utøvarar og interesserte

Og dei seier volleyball ikkje er ein publikumsidrett. Fysj.

tirsdag 1. desember 2009

People call me a hypocondriac, which really hurts...

Jepp, då er klokka nærmare halv 3 og eg kjedar meg igjen. Då er den vanlege utvegen å skrive litt her.

For øyeblikket har eg ikkje spesielt masse på tapetet. Breddetesten i går enda med 10/10, det betyr meir eller mindre at eg er ferdig på skulen for 2009. Det betyr ikkje at eg ikkje har meir skulearbeid å gjere, men det kan skrivast heime. Må berre levere inn siste ex-phil- oppgåve, så er eg heilt ferdig. Oppgåva skal inn den 9.des. Trur eg.

Ellers er det blitt bestemt at årets herrefinale i volleyball skal gå føre seg i Randaberg. Veldig skuffande, då BSI blei trekt heime og me kunne ha laga eit fint dobbelarrangement (Dersom dei slår Blindheim, vel og merke). Også litt kjipt fordi det hadde vore kjekt om vener og kjente kunne komme og sett på. Dei færraste er vel så interesserte at dei reiser til Randaberg for å sjå finalen. Så det var synd!

Til å muntre meg opp har eg heldigvis funne to geniale komikarar på YouTube. Den første fortalte Jarle meg om, han heiter Stewart Francis og har heilt geniale one-linarar. Bedre enn i Radioresepsjonen, bedre enn Horatio Caine. Video finn du her. Anbefalast.

Den andre heiter Tim Vine. Stilen hans er litt lik, ein heil drøss med onelinarar. Videoen eg såg er frå showet hans, "So I Said To This Bloke", og spesielt del 2 på YouTube er heilt fantastisk. Kan ikkje tru at eg brukte mellom fem og ti minutt på å sjå på ein komikar prøve å kaste pennar slik at dei festar seg bak øyret sitt. Det er sikkert vanskeleg å tru, men det er verkeleg verdt å sjå.

No må eg legge meg. Må vere opplagt til å i morgon, då meg og Børge skal ta julevasken! Så får me sjå om julestemningen kjem etterkvart.