mandag 24. november 2008

Bursdag

Då var både helga og bursdagen min over. Helga blei prega av at me spelte elendig og tapte kampen mot Koll 2-3. Koll var flinke, men me føler me ga dei sigeren for lett. Dette kom på toppen av ein fryktelig kjedelig dag i Øystesehallen. Forhåpentligvis klarar me å rette på ting til borteoppgjeret mot Nyborg kommande laurdag.
Det vart likevel ein siger i helga, den kom på søndag for Nyborg mot BK Tromsø. Det var vel noko dei fleste forventa, men eg vart likevel overraska over kor svake BKT var. Ein enorm mengde feil og svak blokk fekk meg til å lure på om dei høyrer til i eliteserien. Likevel var det gjevt å få komme innpå i andre sett og ta nokre mottak. Desverre fekk eg ikkje spele meir enn det, noko som skuffa meg ein god del. Jaja. Gjevare var det at Børge fekk blokka inn eit poeng og deretter serve esseeeeh på matchballen! Endå gjevare var det at eg vart kreditert begge poenga på poengliga.no.

Det har ikkje vore lett å merke at det har vore bursdagen min idag. Eg innvilga meg sjølv litt ekstra svevn før eg sette meg i kantina på HF og vart der heilt til eg skulle på trening. Ei koseleg stund med Edita og Eirik (skal ikkje mistolkast). På treninga briljerte eg som oppleggar og griseblokka Morten som vanleg. Etter dette vart eg "lovt" speletid som framspelar mot TVN av Ivar. Eventuelt maste eg meg til det.

Når eg returnerte til der eg sit godt planta no, sofaen, var eg spent på å sjå kor mange sjeler som hadde brydd seg nok til å skrive ei helsing på wallen min på Facebook. Det kom nesten tårer i augo mine når eg hadde 63 notifications. Eg har altså framleis venner. Det er koseleg.

fredag 21. november 2008

Travelt

Det er mykje som skal skje no i tida framover. Først og fremst skal eg spele kamp i helga, mot Koll i Øystese seinare i dag laurdag. Så skal eg stå i oppvarmingsboksen for Nyborg mot Tromsø på søndag. Det kan bli kjekt det, ilag med Børge.

Så, etter helga, ventar to dagar med intens pugging på transcription, intonation, allophones, phoneme labels, sentence analysis, verb phrases, it/there, relative pronouns og anna lett, morosamt pensum. Det skal altså puggast til eksamen. Og ikkje nok med det, når eg er ferdig med eksamen på onsdag ventar Emerson, Thoreau, Dickinson og Whitman med vener på meg i litteratursamlinga frå helvete, Norton Antology.

Forhåpentligvis endar veka lukkeleg med to vellukka eksamenar, slik at eg kan drikke altfor mykje øl med god samvit etter kampen mot Nyborg i 1.div neste helg. Forhåpentlegvis er eg då også i stand til å møte på Harding på mandagen etter det, noko som markerer starten på ein arbeidsperiode som varer heilt fram til jul.

Sidan de sannsynlegvis mista interessa etter oppramsinga av det eg skal lese på eksamen, skal eg fri dykk frå smerten no. Gå og gjer noko fornuftig i staden for å lese denne bloggen, som denne gongen vert skrive på utelukkande fordi eg ikkje har tilgong til WoW for augneblinken.

lørdag 15. november 2008

Frihelg

I helga har eg frihelg. Gårsdagen tilbrakte eg for det meste hos Edita, som diska opp med pastasalat, noko som smakte fortreffeleg. Takk! Deretter bar det på trening, før eg for opp til Nadia på vors før byn venta. Det var ikkje den beste byturen eg har vore med på, men ølet eg drakk smakte faktisk like bra som pastasalaten til Edita. Etter relativt mykje søvn, sto eg opp og for seinare til Stemmemyren for å sjå på Janne og dei spele mot BSI. Ein kjekk kamp. Så såg eg siste halvtimen av United-Stoke, før eg no har komt meg opp her og prøver å motivere meg til å lage noko mat. Ikkje umulig at eg blir sittande i sofaen ei god stund til. Og oppvasken blir iallfall ikkje tatt. Og ja, det er stort sett samme oppvask som sist eg nevnte den det gjeld.
Bleh.

tirsdag 4. november 2008

Election Night

Oioioi, no er det val i USA. Kroppen sitrar av spenning. Korleis skal dette gå?
Okei då. Eg verken forstår eller bryr meg om valget i USA. Eg må vel nesten sei at eg heiar på Barack Obama, på grunn av "Barack My World" t-skjorta, samt at han er svart. Eg heiar ikkje nødvendigvis på han berre fordi han er svart, men det har seg sånn at ein av dei kulaste negrane eg veit om også var president, i 24. David Palmer er i nærheten av pallen på lista over kulaste tv-karakterar. Uansett, eg skal ikkje grine dersom Obama går på ein smell. No sit eg oppe og føl med på korleis valet går.

Men oi, no kom eg på noko.
1. Eg bryr meg fint lite.
2. Eg treng svevn.

God natt.

søndag 2. november 2008

Ny veke i møte

Jau, då var det søndagskveld (natt, eigentleg), og eg er som alltid topp motivert til å gå på skulen i morgon. Eg har fått lada opp batteria denne helga, for eg har nesten ikkje gjort nokon ting. Dei 6 kampane eg spelte, samt tur/retur Drammen med tog, har ikkje tæra på kreftene, det har snarare gitt meg ekstra krutt til kvardagen. Eg gler meg til å jobbe med oppgåva denne veka, som eg har komt VELDIG godt i gong med, som skal vere ferdig til fredag. Eg gler meg og til eksamen, som eg har lest veldig masse til. Det blir skikkelig trist når eg i desember vender nasen heimover til Ølve for å jobbe, tene pengar og ete masse gratis mat og kose meg føre dataskjermen i timesvis. No gler eg meg, og tel ned timane, til eg skal høyre ei hippie-dame snakke om postmodernisme i to timar. Det blir og fryktelig kjekt å ta oppvasken etterpå.

Og ja. Du har rett. Alt eg har skreve i dette blogginnlegget er ironi. Dette blir ei innihelvettes tung veke.