onsdag 31. desember 2008

Fyllafest

Nyttårsaftan viste seg å vere ein stor suksess. I skrivande stund ligg Linn-Christin like ved datamaskina, døddrukken som vanleg, noko eg håpar me alle kan le av i morgon. Lol. Sjølv har eg det utruleg bra, har drukke altfor mykje, men klarar likevel å utføre prikkfri nynorsk grammatikk. Renè vil at eg skal skrive om han, derfor skriv eg at han er altfor full og at han burde gå og spele ein clan war med n00bcrewet sitt. Og så spelar han Source. Lol. Uansett, kvelden har vore bra. Mykje drikke og mange unge altfor fulle jenter å le av. Eg har knapt nok tenkt på at me er i 2009, men det gjer ingenting. Vil gjerne avslutte med å le av Magnus Hanevik sine manglande evner til å synge Viva La Vida av Coldplay. No skal eg finne Knights Of Cydonia på Youtube og spele den, sjølv om ingen andre likar den. God natt.

søndag 28. desember 2008

Jul

Ja, så var størsteparten av jula over. Og pinnekjøtet har smakt godt, presangane har vore fine, gamle kjente har blitt helst på, romjulscupen på Tysnes enda med gull og jammen har eg ikkje komt meg opp på Medium vanskelighetsgrad i Guitar Hero og. Det har med andre ord vore ei stort sett vellukka jul. No ventar ein forhåpentligvis artig nyttårsfest Hos Martin (moro). Ellers byrjar eg ikkje på skulen før 7.januar (trur eg), noko eg er glad for. Det skal bli godt å slappe av litt før "stresset" på universitetet byrjar igjen.

No skal eg gå og ete julebakst.

lørdag 20. desember 2008

Eksamen 2

Bestått!

Min andre eksamen på UiB resulterte i ein C, noko eg må sei meg greit fornøyd med utfrå tida eg brukte på rein lesing på stoffet. Likevel er det rom for forbetring, som eg neppe kjem til å ta nytte av komande semester. Kjem nok til å verte mykje det same når det gjeld strukturering og disponering av tid.

Det får vente. No er det juleferie.

onsdag 17. desember 2008

Eksamen 1

Bestått!

Første eksamen i ENG101, Fonetikk / Grammatikk er bestått. Det er eg veldig glad for.
Noko eg ikkje er fullt så glad for er at karakteren var den ikkje spesielt tillitsvekkande bokstaven D. Eg får skjerpe meg til neste semester. Naat.

søndag 14. desember 2008

Interessant helg

På fredag fekk eg låne ho mor sin bil og køyrde avgårde til byn, full av forhåpning om speletid i kampane for Nyborg fredag og laurdag, samt at eg gleda meg til å sjå toppoppgjeret mot Randaberg søndagen. Desse forhåpningane må eg sei at eg fekk nokonlunde oppfylt. På fredag venta eit ikkje altfor imponerande TVN- lag, som me slo komfortabelt. Eg fekk spele omtrent eit halvt sett, inkludert dei siste ballvekslingane som framspelar. Eg fekk til og med legg to gongar på settballen men eg slo feil begge gongane og får nok aldri den sjansen igjen :( Alt skrytet til trenar Ivar må nok byggast opp på nytt no. Trass i fadesen dagen før, sparka ikkje Ivar meg ut av klubben. Istaden fekk eg spele siste settet som libero på laurdagen. Skulle gjerne spelt heile kampen. Søndagen fekk eg naturleg nok ikkje spele. Var ganske skuffa over kor lett me vann kampen, hadde forventa meir trøkk mot oss, men dei sleit enormt med mottaket sitt. Alt i alt ei spelemessig ok helg, verken meir eller mindre.
Utanom volleyballen så koste meg og Børge oss på fredagskvelden med julebrus, godteri og 300, som me sovna midt i. Det var latterlig deilig å kunne for ein gongs skuld sove lenge dagen etter. Etter kampen reiste eg heim og slappa av før eg reiste ut til Loddiken og bowla med gotta. Eg var sjølvsagt enormt dyktig i bowling, og hadde på eit tidspunkt 6 strikes på rad. Etter den suksessfulle bowlingen bar det til ei kebabsjappe ein eller annan stad i utkant-Bergen. Kebaben smakte for det meste dressing, men var ganske godt likevel. Når eg kom heim, spelte eg WoW til klokka 03.00, noko som var litt upraktisk ettersom eg skulle på morgontrening 09.30. Heldigvis gjekk det bra denne gongen. Ettermiddagen gjekk med til å slappe av og sjå handballfinalen før eg køyrde heimover i mors strøkne Toyota. Til slutt enda eg opp her, der eg no gruar meg hinsides til å stå innforjævlig tidlig opp å gå på eit særdeles lite motiverande arbeid.

Heldigvis er det berre ei veke igjen. Då vert det nerding, eting, og fyllesjuka heilt til over nyttår.

søndag 7. desember 2008

Ei brukbar veke

Det har som tittelen seier vore ei brukbar veke. Den starta kl 0700 på Harding, noko som var ekstremt uvant, då eg har pleidd å stå opp tidligst 0900 gjennom heile hausten. På arbeid har det vore sånn passe mykje å gjere, og jo meir det er å gjere, jo betre er det. På den måten går tida fortare. Klokka tre går eg heim og er glad, men trøytt. Dette har eg gjort måndag til fredag. Etter arbeid har eg først sove, sidan eg vert avsindig trøytt av å stå opp tidleg, og deretter reist på trening, enten i byn eller i Øystese. Det er slitsomt å reise, men det ser såpass lovande ut på begge treningar for både lagets og min eigen del at det går fint. Eg trente fire av dei fem dagane, unnataket var onsdag, då eg var hjå mor mi og bakte sjakkruter, den beste jolekjeksen som finst. Kombinert med ein iskald Hansa Julebrus kom jolestemningen fykande. Likevel var det ting som var meir kjekt og spanande enn jolebrus og sjakkruter denne veka, og det var rankingturneringa i Haukelandshallen i helga. Den endte med ein 5.plass, som var ei forbetring med to plassar frå sist. Me gjekk på eit ekstremt surt tap i kvartfinalen mot eit bra Austevoll-lag. Dagen etter slo me gamlingane frå Åsheim samt studentane frå Bergen, BSI. Det viktigaste med helga var likevel at spelegleda var tilbake. Tidlegare har det rett og slett ikkje vore kjekt å spele for Rossvoll. Etter lengre diskusjonar internt har me funne ei fast oppstilling som me vil satse på og me fekk verkeleg betalt for det. Masse godt spel og fantastisk stemning i laget får meg til å gle meg til neste trening med laget. Eg sit her med ei god kjensle, rett og slett!

Likevel er det noko som murrar under den glade overflata, og det er at eg skal på jobb om 10 timar. Eg gruar meg til å jobbe denne veka. Eg vil helst sitte heime og spele WoW. Men eg treng verkeleg pengane. Og heldigvis har eg noko å sjå fram til, nemleg dei tre elitekampane eg skal vere med Nyborg å spele neste helg. Då blir det hammer time.