søndag 7. desember 2008

Ei brukbar veke

Det har som tittelen seier vore ei brukbar veke. Den starta kl 0700 på Harding, noko som var ekstremt uvant, då eg har pleidd å stå opp tidligst 0900 gjennom heile hausten. På arbeid har det vore sånn passe mykje å gjere, og jo meir det er å gjere, jo betre er det. På den måten går tida fortare. Klokka tre går eg heim og er glad, men trøytt. Dette har eg gjort måndag til fredag. Etter arbeid har eg først sove, sidan eg vert avsindig trøytt av å stå opp tidleg, og deretter reist på trening, enten i byn eller i Øystese. Det er slitsomt å reise, men det ser såpass lovande ut på begge treningar for både lagets og min eigen del at det går fint. Eg trente fire av dei fem dagane, unnataket var onsdag, då eg var hjå mor mi og bakte sjakkruter, den beste jolekjeksen som finst. Kombinert med ein iskald Hansa Julebrus kom jolestemningen fykande. Likevel var det ting som var meir kjekt og spanande enn jolebrus og sjakkruter denne veka, og det var rankingturneringa i Haukelandshallen i helga. Den endte med ein 5.plass, som var ei forbetring med to plassar frå sist. Me gjekk på eit ekstremt surt tap i kvartfinalen mot eit bra Austevoll-lag. Dagen etter slo me gamlingane frå Åsheim samt studentane frå Bergen, BSI. Det viktigaste med helga var likevel at spelegleda var tilbake. Tidlegare har det rett og slett ikkje vore kjekt å spele for Rossvoll. Etter lengre diskusjonar internt har me funne ei fast oppstilling som me vil satse på og me fekk verkeleg betalt for det. Masse godt spel og fantastisk stemning i laget får meg til å gle meg til neste trening med laget. Eg sit her med ei god kjensle, rett og slett!

Likevel er det noko som murrar under den glade overflata, og det er at eg skal på jobb om 10 timar. Eg gruar meg til å jobbe denne veka. Eg vil helst sitte heime og spele WoW. Men eg treng verkeleg pengane. Og heldigvis har eg noko å sjå fram til, nemleg dei tre elitekampane eg skal vere med Nyborg å spele neste helg. Då blir det hammer time.

Ingen kommentarer: