mandag 24. november 2008

Bursdag

Då var både helga og bursdagen min over. Helga blei prega av at me spelte elendig og tapte kampen mot Koll 2-3. Koll var flinke, men me føler me ga dei sigeren for lett. Dette kom på toppen av ein fryktelig kjedelig dag i Øystesehallen. Forhåpentligvis klarar me å rette på ting til borteoppgjeret mot Nyborg kommande laurdag.
Det vart likevel ein siger i helga, den kom på søndag for Nyborg mot BK Tromsø. Det var vel noko dei fleste forventa, men eg vart likevel overraska over kor svake BKT var. Ein enorm mengde feil og svak blokk fekk meg til å lure på om dei høyrer til i eliteserien. Likevel var det gjevt å få komme innpå i andre sett og ta nokre mottak. Desverre fekk eg ikkje spele meir enn det, noko som skuffa meg ein god del. Jaja. Gjevare var det at Børge fekk blokka inn eit poeng og deretter serve esseeeeh på matchballen! Endå gjevare var det at eg vart kreditert begge poenga på poengliga.no.

Det har ikkje vore lett å merke at det har vore bursdagen min idag. Eg innvilga meg sjølv litt ekstra svevn før eg sette meg i kantina på HF og vart der heilt til eg skulle på trening. Ei koseleg stund med Edita og Eirik (skal ikkje mistolkast). På treninga briljerte eg som oppleggar og griseblokka Morten som vanleg. Etter dette vart eg "lovt" speletid som framspelar mot TVN av Ivar. Eventuelt maste eg meg til det.

Når eg returnerte til der eg sit godt planta no, sofaen, var eg spent på å sjå kor mange sjeler som hadde brydd seg nok til å skrive ei helsing på wallen min på Facebook. Det kom nesten tårer i augo mine når eg hadde 63 notifications. Eg har altså framleis venner. Det er koseleg.

1 kommentar:

Unknown sa...

Attåt dette, namnet ditt stod i BT, svart på kvitt (kanskje kremgult). Det stod ikkje noko meir. Berre namnet ditt. Trur det hadde noko med superspanandesupertoppoppgjeret mellom Nyborg og Tromsø. Gromt var det uansett.