I helga spelte me frå Strand-Ulv, Rossvoll og Eidfjord saman for første gong i kamp.
I herreklassen (som er det einaste eg bryr meg om) M1, møtte me gode lag både i puljespel og krysspel og det blei vanskeleg å avansere til finalen.
Hardanger 1 såg ut til å slite veldig i mottaksspelet, og måtte tåle litt stygge settsiffer i nokon av kampane. Men eg trur dei klarte å slå Sunnfjord FHS, som i grunnen var ei samling med litt mindre begava solbrune bygutar (utanom Helge). På Hardanger 1 spelte masekoppen, Jarand, Haugen, Perik, Melandez, Måge, Peter (eller Petter som Bård kallar han) og Ingvald.
Hardanger 2 (som eg spelte på) vann mot Sunnfjord i puljespelet, og hang bra med i første settet mot Nyborg veteran. Då spelte me volleyball slik den skal spelast. Dessverre har ruttisane nok inne til å hente settsigeren. Andre settet blir ein nedtur. Kleivis sendte midtspelarane våre ut i pølseboden av og til, og Endre, Håvard og den heimvendte Espen Stensvoll får herje litt for fritt. Når i tillegg Øyvind Takvam får slå inn meir enn ett legg, er ydmykelsen total.
Etterpå møter me Førde og Nyborg i vidare puljespel. I desse to kampane speler me veldig godt og heng godt med i alle sett, men me gjer for mykje feil på overgangar. I tillegg har Førde og Nyborg høg sluggerfaktor i Loftesnes og Siljander, og dei slo som regel inn når det trengtes. Mot Førde er me og uheldig med ei dommaravgjerd på tampen, utan at eg skal vere bitter for det. Det har vore verre før :-) Blir dermed to tap i to relativt jamne kampar. Me har trua på at med litt innkjøring mellom leggarar og angriparar, samt ein god del jobbing med forsvarsposisjonar og forsvarsspel, kan laget halde meir enn bra nok førstedivisjonsnivå. På dette laget spelte Gauten, Eilev, Børgis, Gjermund, Torbjørn, Lars Eirik, Tasle og meg sjølv.
For min eigen del var det spelemessig heilt OK. Mottaket kunne vore betre i stort sett alle kampar, men når ein møter lulu-lag som Førde og Nyborg så er det vanskeleg å gidde å fokusere :-)
Eg ser fram mot sesongstart neste helg mot BSI. Eg gler meg til å gjere narr av Jogeir fordi me vann.
mandag 22. september 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar