mandag 22. september 2008

Opningsturnering 08, M2

M2- klassen vart spelt på laurdagen. På Hardanger 1 spelte Børgis, Eilev, Ingvald, Tasle, Perik, Melandez, Måge. På Hardanger 2 spelte Gauten, Torbjørn, Gjermund, masekoppen, Jarand, Alvheim jr., meg sjølv og Daniel.

Eg har igrunnen ikkje peiling på kor godt Hardanger 1 spelte, men dei vann iallfall mot BSI 2 og Framnes. Deretter venta Askøy i kvartfinalen, som dei og slo.

Hardanger 2 kjempa seg til ein siger over eit Team Spirit med fem 4H- spelarar med bermudashortsar og innefotballsko. Svært imponerande. Etterpå slo me noko som kan ha vore U19- laget til Førde. Me slo dei greit, men dei kjem nok til å gjere det enormt bra i årets U19-NM, som i fjor. Vidare venta Framnes i ein lite god kamp me vant utan å anstrenge oss noko særleg.

Så møttest dei to Hardanger-laga i noko som må beteiknast som ein dritande dårleg kamp. Etter tre sett der 90% av poenga kjem på motstandarfeil, kan 2-arlaget til slutt strekke henda i veret og juble for finaleplass. Der venta Nyborg, med fyrtårnet Christer Lamberg på plass på kant. Me var veldig nervøse på forhånd når me såg hamringa hans på nettoppvarminga.
I førstesettet har me grei kontroll, og side-outen fungerer fint. Me held unna for ein sluttspurt og vinn 25-23. I andre settet ledar Nyborg heilt fram til omlag 20 poeng, når me set inn sluttspurten. Sjølv om Nyborg legg 100% på kant til den frykta Lamberg, klarar me til slutt å ta heim settet, sigeren, førsteplassen og premiepengane med 27-25. No var det dritseint på kvelden, og eg feira sigeren på kino ilag med Børgis, som ikkje var fullt så happy (noko som kom til uttrykk då han sovna på kinoen).

Alt i alt ein rimeleg bra laurdag. Eg fekk også dømt nokre kampar, og fekk "gode" og nødvendige tilbakemeldingar av det populære dommargeniet Kjell Marcussen etterpå. Hadde me ikkje vunne, trur eg kanskje han hadde ødelagt dagen min.

Ingen kommentarer: