onsdag 1. oktober 2008

Skada på ordentlig?

No har eg i mange år klagd over vondtar rundt om på kroppen som eigentleg ikkje er så alvorleg.
Alltid vondt, aldri skada, er mottoet mitt sånn sett. No i dag når eg våkna kan kanskje den situasjonen endra seg. Eg klarte omtrent ikkje å stå opp. Lurer på om det er ein aldri så liten betennelse i lysken. No sit eg åleine i leilegheita og knaskar Ibux mens eg ser på ein tv-skjerm med kun snø på (gjett om eg har gløymt å skaffe meg RiksTv) og håpar at alt går over til helga.

Men det gjer det nok ikkje.

1 kommentar:

Otte sa...

Ha! Ikkje gi opp, viss eg berre finn ut kven som slo av dei analoge sendingane så skal eg avlegga dei eit lite "besøk"... Skal tvinga dei til å slå det på att!!