torsdag 21. januar 2010

Skrivesperre

Det var ein periode i desember då eg skreiv mykje på bloggen. Eg spydde ut innlegg som ei annan fjortenåring som har kjøpt seg ny sminke ho føler seg nødt til å fortelje om. Denne perioden er over. Mykje fordi det ikkje lenger er desember og 900 fridagar, men også fordi eg ikkje har peiling på kva eg skal skrive om. Eg har nemnt kva eg skal gjere på skulen framover. Eg har nemnt at eg brukar ein del tid på å sjå på ymse seriar på DVD. Dei fleste som les bloggen eller generelt har den minste idè om kven eg faktisk er har vel også etter kvart fått med seg at eg driv på og drylar litt volleyballar rundt omkring relativt ofte. Meir skjer det strengt tatt ikkje i det lettbeinte livet mitt. Det skjer mykje rart inne i hovudet mitt, men noko av det er for personleg eller berre direkte feil for vevpubliseringar. I alle høve, korkje eg eller den middelaldrande dama i lilla nedanfor (forøvrig henta frå Google etter å ha søkt på "wondering") veit kva eg skal gjere med skrivesperra.

Eg fell ikkje for freistinga til å lage poll om kva eg skal skrive om slik dei proffe gjer, og eg skal heller ikkje påføre folk som har forslag til ting å skrive om lidelsen det er å prøve å kommentere noko med den talentlause, tvungne innlogginga som trengst for kommentering her. Veit dermed ikkje korleis eg skal få tilbakemeldingar, men eg ser for meg at å sende meg eit brev i posten er lettare og mindre strevsomt enn å kommentere på bloggen.

Som ein siste ting å sei før alle bestemmer seg for å aldri besøke denne keisame bloggen igjen, kan det nemnast at det forhåpentligvis kjem ein aldri så liten godbit av ein film i løpet av fredagen. For dei som håpar på ein lang feature-film, kan eg røpe at temaet eventuelt vert glorifisert volleyballdryling. Sjølv om ein film er å håpe på mykje, er det derimot større håp for eit lengre referat frå cupfinalehelga i Randaberg. Eg håpar det kan ha allmenn interesse, for gjengiving av hendingar er det einaste hjernen min klarar å bidra med for tida. Forhåpentligvis klarar eg å gjengi hendingane med ein lettbeint tone og gjerne med eit åpent forhold til fakta. Slik kan det kanskje verte litt morosamt. Kanskje ikkje like morsomt som dette morosame biletet nedanfor av ein søt kattunge som ligg på eit tastatur, men kanskje oppimot 80% så morsomt som biletet. Dette er sjølvsagt individuelt utfrå type humoristisk sans. No masar eg. Ironisk for ein som skryt på seg å ha skrivesperre.

1 kommentar:

Unknown sa...

Trur dette er det lengste innlegget eg har lese om temaet "eg har ikkje noko å skrive om". Well played.