mandag 4. januar 2010

2010

Då var me inne i 2010. Eg likar å sei totusenogti. Har ikkje noko mot tjueti- versjonen, men utan å tenke over det blir det totusenogti. Eg har laga meg eitt nyttårsforsett som eg skal prøve å følge:

- Ikkje lage nyttårsforsett

Dette forsettet var ganske greit, då det automatisk blei fullført når eg fann det på, og samtidig bestemte meg for ikkje å lage fleire. Genialt i all sin enkelhet.

2009 var eit greitt år, verken meir eller mindre. Om eg skal oppsummere 2009 med ett einaste ord, så vil det ordet vere "totusenogni". Meir innhaldsrikt kjem eg ikkje på. Må innrømme at dette greiene om nyttår er frykteleg, frykteleg oppskrytt. Mest ein i utgangspunktet teit unnskyldning om å feste. Eg har med andre ord få spanande kjensler kring årsskiftet. Det meste vert oppsummert i denne songen.

Eg vart litt skuffa no, for eg trudde at det skulle vere mykje interessant å skrive no i det første innlegget i 2010, men det var det absolutt ikkje.

2 kommentarer:

Jorid sa...

"totusenogti" ftfw! "sjueti" høres så uffatteleg teit ut

Sundfjord sa...

Word. (Eg er begynt med sånn sjargong etter at eg begynte å sjå The Wire)