I går vant me 3-0 over Randaberg. Det betyr at me kun treng vinne neste kamp mot Tromsø i Stemmemyren for at me skal sikre oss gullet heilt sikkert. Den går søndag 29.mars, kl 1500. Alle bør komme og sjå på den!
Større enn gleden over å få vere med å ta seriegull er bekymringane eg har på skulen. Har framleis ikkje klart å leite fram motivasjon til å skrive essayet mitt. Har knapt fått med meg noko som helst av det me har hatt på skulen ellers. Eg er fucked viss eg ikkje tar meg seriøst saman. Det har eg tenkt å gjere, men motivasjonen, eller mangelen på den, kan vise seg å ødelegge den planen. Me får håpe eg klarar å ordne eit førsteutkast til essayet innan fredag, som er tidsfristen for det.
mandag 23. mars 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Så koseleg! Seriemeistrar, juhu.
Du skal skrive essay, og eg skal analysere dei. Eg lid forresten også under gjere-ting-litt-for-seint-syndromet. 5 sider essayanalyse-utkast skal inn i dag, eg har 3 sider med nokon lunde samanhengande tekst og 2 sider med uforståelege stikkord...
Legg inn en kommentar