fredag 16. januar 2009

Livet mitt kjem til å bli ødelagt!

I dag fekk eg meg Playstation 2 i leiligheten. Eg har også kjøpt Guitar Hero: World Tour. Sia eg allereie er relativt aktiv med å spele WoW, gruar eg meg til å sjå resultatet av nyanskaffingane. Kanskje klarar eg å komme opp på Hard i løpet av våren, men eksamensresultata og det sosiale aktivitetsnivået vil nok gå proporsjonalt nedover. Med ein enda djupare kurve, med andre ord.
Sosial eller ikkje, det er kjekt at det er helg. I morgon skal eg sjå Premier League- tabellen bli slik den er meint til å vere, samt å kanskje vise meg på fest i ungdomshuset i Ølve. Kanskje. Det vil sei, eg har ikkje spesielt lyst, men eg er heime og må vel nesten.

1 kommentar:

Anja sa...

Me har også kjøpt Guitar Hero: World Tour! Men me har ikkje spelt det så mykje sidan Billy begynte på Medium nivå i alt utan om bass der han klarte nokre sanger på Expert, og eg er ein dårleg tapar.