mandag 13. april 2009

Påsken

Ai, ai, ai! For ein påske! Kvar skal eg begynne?

Den entusiastiske starten var nok berre lureri.
Eg har knapt gjort noko som helst i påskeferien. Eg har vært ekstremt aktiv i den virtuelle verden, og dei fleste som kjenner meg skjønner nok før eg skriv det at eg har brukt store deler av tida på å game WoW. STORE deler. Faktisk så store deler at eg dei stort sett berre var avbroten av måltid, søvn og volleyballtreningar. Før ferien sa eg til meg sjølv at eg skulle jobbe med kultur-essayet mitt, trene styrke, padle kajakk, gå fjellturar, komme meg i skitrekket, lese bøker og vere sosial. Men neida. Det dumme dataspelet saboterte dei planane. Eg gler meg til sommaren. Då skal eg nemlig slutte. Eg skal iallfall prøve.

Eg har i det minste fått trent litt volleyball. Har forsåvidt vore kjekt å trene, men eg merkar at eg er veldig lei akkurat no. Treng ein lengre pause før eg skal prøve å få litt god grunntrening i sommar, for å gjere meg klar til ein ny sesong. Når det gjeld kor eg skal spele neste år, så trur eg at eg har bestemt meg. Skal sove litt meir på det.

Framover ventar ein hektisk periode på skulen. Nytt essay-utkast skal inn på fredag, og samtidig bør eg jobbe med det andre essayet mitt, og på toppen av alt nærmar eksamen seg med stormskritt. Med tanke på den minimale innsatsen eg har lagt ned i skulearbeid i år, ser det stygt ut. Men skal no berge ståkarakter. Men eg gruar meg.

Påsken i år har altså vært fryktelig innhaldslaus, likevel klagar eg ikkje. Avslappande var det iallfall. Men eg fekk ikkje påskeegg ><

2 kommentarer:

Unknown sa...

Artig lesing. Men vil påpeike (sjølv om du er vel klar øve da) at innhaldet er skremande likt frå post til post.
Ser fram til sumaren med vill variasjon i blikket.
Viss det er lov å sei.

Sundfjord sa...

Eg kan godt skrive med CAPS LOCK PÅ DERSOM DET ER BETRE. KJEM NOK IKKJE TIL Å FORANDRE SKRIVESTILEN MIN SÆRSKILD. LITT USIKKER PÅ KORLEIS EG SKAL SKRIVE DÅ.