mandag 18. januar 2010

ABC, easy as 123.

Då var også ex-phil-karakteren min komen tilbake. Til trass for minimal satsing på faget slo eg til med ein relativt ufortent A. Skjønar ikkje kva eg har gjort for å bli behandla slik. Eg var iallfall ein av 24 som fekk A, av dei totalt 457 deltagande i faget. Stilig.

Jammen er det synd at ex.phil er slik eit ubrukeleg fag som ingen bryr seg om. Men som eit trøst, så har eg iallfall fått A, B og C i haustsemesterfaga. Artig med ABC. Fnis fnis. No skal eg straks sove, for eg skal i morgon, tysdag, ta til å lære meg programmering i Java Kl 08.15. Hjelpe meg.

søndag 17. januar 2010

Meir innhaldsrike dagar?

Heilt sidan eg leverte den siste oppgåva i ex.phil 9.desember har eg hatt ferie. Den første skuledagen var 12.januar og varte i to timar. I mellomtida har eg slaura, trent litt og generelt ikkje gjort noko fornuftig. Det er kanskje etterkvart på tide at dagane mine blir litt meir meiningsfylte. Etter å ha tatt ein kikk på faga for dette semesteret, trur eg ikkje det skal bli eit problem å ha nok å gjere på. Eg skal ha tre fag, INFOMEVI171, INFO132 og INFO114. Det ser spennande ut, men det blir nok også mykje arbeid. Men det er vel fint. Eg har fri på onsdagar, og den har eg avtalt å bruke til først ein times styrketrening saman med sambuaren min Flotve junior, og deretter skal den brukast til lesing. Så gjenstår det å sjå om eg kan halde det målet.

Sjølv om det er ei veke sidan no, så har eg ikkje gløymt cupfinalehelga heilt. Eg sendte i går mail til TV2 om å få/kjøpe opptaket dei gjorde av kampen. Målet er å få tak i opptaket og deretter lage ein litt fancy redigert film av det og kanskje også Ivar sitt opptak. Fleirkameraproduksjon hadde vore stilig. Uansett har eg også planlagt å etterkvart skrive referat med meir fokus på det som skjedde ellers i helga, utanom kampen. Eg satsar iallfall på å ha begge deler ute innan januar. Ellers gløymer eg garantert alt som skjedde. Dette skal iallfall vere eit fint sideprosjekt for meg.

No reiser eg straks til Stemmemyren for å sjå BSI spele mot Koll. Eg håpar Andrea Aase Hole er komen til hektene igjen etter den dramatiske skaden ho pådro seg i går. Etter kampen skal eg heim og slappe av før eg skal gjennom den mest "stressande" veka i livet mitt på ei god stund. Huff og huff, korleis skal dette gå?

Laurdagens kamp

Jepp, då er det nok ein spelefri søndag, noko som gjer meg plenty med tid til å skrive ei oppdatering på kva som skjer i det utruleg uspennande livet mitt.

Etter cupfinalesuksessen i Randaberg førre helg var det spennande å sjå om me kunne halde nivået oppe når me i går spelte ny seriekamp på samme plass mot samme lag. Og gjett om me tok utfordringa. Men me fekk ein litt spesiell oppladning til kampen. Det innebar å køyre ein leigebil som viste seg å ha ein feil på motoren. Det gjorde , etter først å ha kjørt opp heile oppoverbakken i ein undervannstunell i andre gir, med rundt 4000 omdreiningar heile vegen, at me måtte stoppe litt forbi Stord og vente ein time på ein ny (og betre) bil. Me ankom Randaberghallen omlag ein time før kampstart. Optimalt? Neppe.

Kampen i seg sjølv blei ein kort affære. Etter å ha feid over Randaberg med 25-7 i første sett, spelte Randaberg litt betre i dei to neste, men dog utan å vere i nærleiken av å true oss. Det tok oss under ein time å gå sigrande av banen. Svært imponerande av oss, som har ein tendens til å sleppe oss nedpå i kampar me har kontroll på. Me koste oss på banen i går, så det var kjekt. For min eigen del fekk eg, akkurat som i finalen, fint lite å gjere på. Nokre hoppservar som eg for det meste tok meg greit av og nokre gratisballar var behaldninga for min del. Tar det som eit kompliment at Randaberg servar vekk frå meg.

Anyway, me reiste frå Randaberg omlag kvart over tre. Kort prosess, med andre ord. Eg kom heim rundt kvart på ni på kvelden, og brukte den til å chille med dr.House.

søndag 10. januar 2010

Cupmester!

I går gjekk finalen av stabelen i Randaberghallen. Rundt 850 tilskodarar blei vitne til ein ganske uspennande finale. Nyborg spelte ein veldig god kamp, medan Randaberg ikkje fekk til mottaket sitt og fekk slite mot monsterblokka vår. Dermed grei 3-0- siger og cupgull! Det var ei ekstremt god kjensle å sjå lagkaptein Gamlefar løfte pokalen i veret. Eg har alltid ønska å spele på eit lag som når opp på aller høgaste nivå. Som junior har eg alltid vunne mange medaljar regionalt, men i NM har Strand-Ulv aldri nådd heilt opp. Nærmast var me tilbake i 2008, då me kom til semifinale og hadde Førde i kne, men dumma oss ut og kasta vekk ei soleklar leiing i tie-break. Det var utruleg bittert, fordi eg var redd det var siste sjanse til å vinne ein NM- medalje. Ikkje få medalje, men VINNE. Vere best. Heldigvis stemte ikkje det. No er eg endelig best. Det betyr mykje for meg, og det skal eg nyte.

Eg er utruleg heldig som plutselig fekk sjansen til fast spel på Norges beste lag. Samtidig er det ingen som fortener det meir enn meg, etter avsindig mange treningstimar heime i gymsalen og seinare hallen på Hatlestrand og på den slitne parketten i Stemmemyren. Og når eg først fekk den sjansen, har eg tatt godt vare på den med stort sett stabilt spel så langt. Meiner eg sjølv, iallfall. Eg er spent på fortsettelsen. For dette ga meirsmak!

No skal eg kvile på laurbæra denne søndagskvelden. Det blei seint i seng etter å ha feira gullet skikkelig. Er ganske trøtt no, derfor skal eg kvile og sjå på ein eller annan serie. Det blir deilig, for i morgon er det tilbake til treningskvardagen og oppladning til ny seriekamp borte mot Randaberg neste helg.

fredag 8. januar 2010

Cupfinale

Då var det klart for cupfinale mellom Randaberg og Nyborg i morgon. Kampen går i Randaberghallen kl 16.00. Det blir ein stor opplevelse å spele cupfinale føre eit forhåpentligvis firesifra antal publikummarar. Eg gler meg veldig. Som før kvar volleyballkamp girar eg meg opp med å sjå på videoar av dei beste spelarane. I den anledning vil eg framheve denne. Ikkje berre inneheld den det beste frå volleyballen i Beijing- OL 2008, men den er også lagt ut i framifrå HD- kvalitet. Fantastisk.



No er det straks klart for avreise. Du og du, dette blir spanande.

mandag 4. januar 2010

2010

Då var me inne i 2010. Eg likar å sei totusenogti. Har ikkje noko mot tjueti- versjonen, men utan å tenke over det blir det totusenogti. Eg har laga meg eitt nyttårsforsett som eg skal prøve å følge:

- Ikkje lage nyttårsforsett

Dette forsettet var ganske greit, då det automatisk blei fullført når eg fann det på, og samtidig bestemte meg for ikkje å lage fleire. Genialt i all sin enkelhet.

2009 var eit greitt år, verken meir eller mindre. Om eg skal oppsummere 2009 med ett einaste ord, så vil det ordet vere "totusenogni". Meir innhaldsrikt kjem eg ikkje på. Må innrømme at dette greiene om nyttår er frykteleg, frykteleg oppskrytt. Mest ein i utgangspunktet teit unnskyldning om å feste. Eg har med andre ord få spanande kjensler kring årsskiftet. Det meste vert oppsummert i denne songen.

Eg vart litt skuffa no, for eg trudde at det skulle vere mykje interessant å skrive no i det første innlegget i 2010, men det var det absolutt ikkje.

torsdag 24. desember 2009

What to do?

Då var julafta over for i år. Det har vore ein kjempefin dag. Ikkje for å virke rasistisk, men jula er rett og slett betre når den er kvit. No ventar romjula, med mykje fri og tid til å gjere kva ein vil.

Til romjula har eg sikra meg godt mot kjedsomhet. Eg har nemlig tilgjengelig følgjande:

- True Blood, sesong 1.
- House, sesong 1.
- The Wire, sesong 1 og 2.
- Heroes, sesong 2.
- Family Guy, sesong 3.

Spørsmålet er rett og slett berre kor eg skal byrje, kva eg bør prioritere. Hjelp.